Merking av alkoholhaldig drikke er eit steg i rett lei

Noreg har forplikta seg til å følgje opp WHO si målsetting om 10 prosent reduksjon av det skadelege alkoholkonsumet i perioden 2020 til 2025. Dette vil ikkje hende utan tydelege alkoholpolitiske tiltak. Så langt kan vi ikkje sjå at det har skjedd mykje. Det er derfor gledeleg og på høg tid når det nå kjem eit tydeleg signal frå regjeringa om vilje til handling.

«Alkoholbruk er en av de viktigste risikofaktorene for tap av friske leveår i befolkningen, og medfører også kostnader for andre enn brukeren selv. For eksempel kostnader for behandling for sykdom og skader, kostnader i rettsvesenet og hjelpeapparatet og kostnader i arbeidslivet. I tillegg kommer menneskelige kostnader knyttet til omsorgssvikt, frykt, ulykker, vold og annen type rusrelatert kriminalitet, fosterskader og andre tredjepartsskader.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Her ligg ei viktig erkjenning som ikkje alltid kjem like klart til uttrykk.

Sjølv om vi kunne ynskje oss forslag om fleire konkrete tiltak, må regjeringa ha ros for fleire gode forslag. Merking av alkoholhaldige drikkevarer er eitt av dei, men også punktet om fastlegen si rolle er viktig.

Pasienten sitt forhold til eige alkoholkonsum er i altfor stor grad blitt sett på som ei privatsak, som er legen uvedkomande. Ei ordning der fastlegane nærast obligatorisk skal ta opp dette med pasienten sitt forhold til alkohol, vil auke bevisstheita omkring alkoholen sine skadeverknader både for lege og pasient.

IOGT har lenge etterlyst ei ordning med merking av alkoholhaldige drikkevarer. Vi er etter kvart blitt vand med varselsmerking på tobakksvarer. Mange av oss skjønar ikkje kvifor drikkevarer som inneheld alkohol ikkje skal ha ei tilsvarande åtvaring.

I dag møter vi stadig understrekinga av at alt vi gjer må vere kunnskapsbasert. Det er i seg sjølv både godt og rett, men nokre gonger kan ein få inntrykk av at ynskje om meir kunnskap eigentleg spring ut frå eit ynskje om å utsetje saka. Den kunnskapen som foreligg, er ikkje heilt slik vi skulle ynskje.

Alkoholpolitikken er eit område der all ny forsking sjølsagt er ynskjeleg, men det er godt dokumentert at ein restriktiv alkoholpolitikk vil gje oss fleire friske leveår og ei betre folkehelse. Den framlagde strategien peikar på fleire forhold som vil vere gode steg i rett lei.