Mens det grøne skiftet gror, dør kua

Det er utopisk med eit grønt skifte i biltrafikken og tungtransporten i Noreg. Ein bør heller skattleggje trafikk som er unødvendig og luksus. Noreg er eit lite land, og har ikkje så stor påverknad i miljøpolitikken som mange trur

Det er prisverdig at eg får svar frå Trine Skei Grande. Men kva svarar ho på?

Ho skriv eit lite eventyr om det grøne skiftet, om satsing på el-bilar, bio-disel og anna fornybar energi, som i beste fall vil ta tiår å gjennomføre, og som ekspertar meiner ikkje er gjennomførbart.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I vårt heimlege Noreg er det, dersom Venstre får viljen sin, snakk om at halve folket skal i årtier framover bære byrdene for mindre utslepp i Oslo og Akershus. Der får dei buss, tog og bane, kan transportere med tog, kan bruke el-bilar, og kjøre piggfritt. Men vi som bur utanom ein tettstad, og som er ca. halvparten av dei som bur i Noreg, er avhengig av bil for arbeid og fritid.

Vi har ikkje offentleg transport som fungerar, ladepunkt og flate vegar. OG det er vi som får merke presset frå auka bensin og diselavgift. Om Skei Grande drøymer om ladepunkt i kvart vegskilje og bio-disel på kvar bensinpumpe, så er det utopi, fordi alt dette kostar, og me har korkje utbygd teknologi eller ressursar til å få denne draumen til å fungere.

Tungtransporten vil heller ikkje gå over til bio-disel med eit trylleslag. Det er snakk om transport til og frå halve Noreg, med ulikt klima og geografi, der bio-diselen slett ikkje er nok utprøvd til å kunne overta i morgon den dag. Det er også eit snakk om kostnader. Kva kostar det å fase ut og byggje om heile tungtransporten i Noreg?

Kor lenge vil skogen i Noreg vare, om vi skal produsere bio-disel til denne tungtransporten?

Eg minner om kor lenge skogen vara då gruvedrifta pågjekk på 16-1700-talet. Medan det grøne skiftet gror, dør kua. Skei Grande tek heller ikkje opp problematikken med å leggje sterkare press på bruken av luksusbåtar, på flyreiser og luksusbilar. Ein må, etter mi meining, skilje mellom nødvendig og unødvendig bruk av drivstoff og nødvendige og unødvendige utslepp.

Vi er eit lite land som slett ikkje har stor innverknad på klimautsleppa. Vi utgjer 0.6% av folkesetnaden i verda, og om vi reduserer utsleppa våre til 0, vil det framleis utgjere svært lite i den globale rekneskapen Det er difor eg meiner at vi treng ikkje vere best i klassa, for det vi gjer, influerer så lite i verdsmålestokk.

Kampen om klimautsleppa og miljøendringane foregår ikkje i Oslo, men i Kina, India og andre land med tett folkesetnad og mykje industri, og der er det lite tale om å endre på utsleppa pr. i dag. Føredømet vårt vert i så måte ikkje lagt merke til. Påverknaden på dei store økonomiane i verda er avgrensa. Vesle Noreg er nørdst i grendom, og vi er ikkje noko stormakt som har så mykje å seie hverken politisk eller økonomisk, sjøl om vi likar å innbille oss det.

Bli med i debatten!

For å kunne kommentere artikler på DagensDebatt.no - og for å kunne starte nye debatter, må du må være registrert - og innlogget - på Facebook

I tillegg må du registere deg som bruker av DagensDebatt.no. Trykk på «registrer deg» øverst til høyre på denne siden.

Her finner du de enkle debattreglene våre.

-----

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: redaksjonen@dagen.no

Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

-----

Ukentlig nyhetsbrev: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

* Følg gjerne Dagen på Facebook

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Vi skal kjøre bil – med lave utslipp
Les også
Vi lever ikkje alle i by, Trine Skei GrandeBli med i debatten!