MÅ HA BIL: Eg har 10 minuttar med bil til jobb. Det går ingen buss. Eg må ha bil for å kome meg til jobb, og dermed betale skatt, skriver Britt Hagesæter. Illustrasjonsbilde: Yayimages.com

Vi lever ikkje alle i by, Trine Skei Grande

Det grøne skiftet vil redusere bilbruken for å redusere utsleppet av CO2. Men det er mange i Noreg som er avhengige av bil for å fungere i kvardagen

Les også - Statsbudsjettet 2017 - her er nyhetene

-----

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det grøne skiftet skal inn i norsk politikk, koste kva det koste vil. Vi skal bli best i klassen på å redusere CO2, gjennom å ta grep som gjer utsleppa mindre.

Vårt langstrekte land, med spredt busetnad og mykje BNP frå Vestlandet og Nord- Noreg, som stort sett ikkje har jarnbane, skal leggje om frå biltransport til noko dei ikkje har.

Bensinprisen aukar. Diselprisen aukar. Bompengane aukar. Vegavgifta aukar. Piggdekkavgifta aukar, og kjem i fleire og fleire byar.

Det blir fleire buss og togavgangar i Oslo, og fleire sykkelstigar-

No bur eg på ein liten tettstad. Det tek ti minuttar med bil til byen, og 7 minuttar til kommunetettstaden. Det går ein buss til byen om morgonen, og ein heim om ettermiddagen. Vil ein delta på ein kulturaktivitet om kvelden, må ein ta drosje, eller kjøre sjøl.

Vil ein til kommunesenteret, er det same leksa, berre det at skulebussen som går til den vidaregåande skulen stoppar der, og det tek nesten ein halv time å gå derifrå og til kommunesenteret, og handlegata.

Det går ingen buss til barnehage, til lækjar, fysioterapeut og tannlækjar.

Eg har 10 minuttar med bil til jobb. Det går ingen buss. Eg må ha bil for å kome meg til jobb, og dermed betale skatt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det eg vil seie er at minst halvparten av dei som bur i Noreg bur utanfor rekkjevidde av eit fungerande buss eller togsystem. Dei er avhengige av styggedommen over alle styggedomar for å fungere i kvardagen,kome seg på arbeid, få ungane i barnehage og fritidsaktivitetar, delta i eigne fridtids- og kulturaktivittetar, og halde nautvungen kontakt med slekt og vener.

Finnmark er like stort som halve Sør- Noreg. Det er lange avstandar. Dei går ikkje. Dei brukar bil.

Vestlandet og Nord-Noreg bidrar med store delar av BNP. Dei treng vogntog for å frakte det dei produserer. Dei kan ikkje produsere det same på Oslo Vest.

El-bil skal vere løysinga. Men det er langt mellom ladepunkta, og dyrt å innstallere ladepunkt heime. Eg undrast kor mange ladepunkt det er i Rendalen mellom Røros og Elverum? Eller over Hardangervidda?

Kjære Trine Skei Grande! Vi lever ikkje alle i by. Mange er avhengige av bilen. Du må byggje det grøne skiftet på noko anna ta bilen frå oss som treng han.

Eg har ein gladnyheit: Vi treng ikkje bli best i klassen. Vi treng ikkje bli først. Det er andre land som spyr ut mykje meir Co2 enn vi gjer. Dei må ta sin del av ansvaret og reduksjonen. Noreg har 5 millionar innbyggjarar, Kina 1 357 380 000 , India1,21 milliardar.

Det vi skal redusere, kan vi gjere med andre grep:

Vi kan leggje på flyreiser, på cruisereiser og på bruken av yacht og dyre fritidsbåtar. I fylgje ingeniøren Jo Alexander Gjerpe tilsvarer forbruket på yachten til Stordalen for ein tur på tre veker 200 barnefamiliers bruk av dieselbil i ett år. Det er mange fleire i Noreg som har dyre yachtar, brukar private jetfly og dyre båtar til fritid. Dei burde redusere, ikkje vi som treng bilen for å kunne leve i dette langstrekte landet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Vi høyrer at når ein reduserer regnskogen, vert det meir CO2. Skogen fornyar. Men den tilveksande skogen i Noreg hjelper ik kje til å fornye og redusere utsleppet i Noreg?

I leseboka mi stod det ein fabel. Ein mann var ute og sanka ved. Han lesste på merra: · “Dreg, du den så dreg du nok den og, sa mann til merra, – han lesste staur. Til slutt knea merra, ho klartde ikkje dra lasset.

Eg har rekna ut at folk flest betaler ca. 60% av løna si i skattar, indirekte skattar og avgifter. Politikarane lesser på fleire og fleire byrder. Ein dag vil ikkje gjenomsnittsnordmannen klare fleire, dei heller.

Bli med i debatten!

For å kunne kommentere artikler på DagensDebatt.no - og for å kunne starte nye debatter, må du må være registrert - og innlogget - på Facebook

I tillegg må du registere deg som bruker av DagensDebatt.no. Trykk på «registrer deg» øverst til høyre på denne siden.

Her finner du de enkle debattreglene våre.

-----

TIPS OSS om saker / temaer du vil at vi i Dagen skal skrive om: redaksjonen@dagen.no

Få nyhetsbrev fra Vebjørn Selbekk:
« Hver dag sender jeg deg noen utvalgte saker og debatter som jeg mener at du bør lese! Klikk her for å melde deg på det daglige nyhetsbrevet»

-----

Ukentlig nyhetsbrev: Få noen av de viktigste nyhetssakene og debattene rett i epostkassen. Meld deg på her!

*** Prøv Dagen i 1 måned for bare 1 krone.

* Følg gjerne Dagen på Facebook

Les også
Spår tøffe budsjett-samtaler
Les også
Skei Grande: – Kan ikke støtte dette budsjettet
Les også
Greenpeace: Regjeringen avlyser det grønne skiftet
Les også
Ny rekord: Regjeringen pøser på med oljekroner