«Den er ikkje av den typen blomar ein legg merke til, meir den typen som berre er der, utan at nokon ser den. Den har hårete, litt tjukke blad, og dei fiolette blomane er vakre, men dei stikk seg ikkje fram.» Foto: Magnar Børnes

Medisin frå blanke berget

Langt oppe i Kretas fjellverden veks det ein unnselig liten plante. Den er ikkje av den typen blomar ein legg merke til, meir den typen som berre er der, utan at nokon ser den. Den har hårete, litt tjukke blad, og dei fiolette blomane er vakre, men dei stikk seg ikkje fram.

Denne vesle blomen veks berre i fjellsider og raviner på Kreta, den fins ikkje andre stader i heile verda. Kretiske mannfolk er kjent for sine klatreturar etter planten, det har ikkje alltid endt like bra.

I kokekar frå minoisk tid, det vil sei før år 1000 før Kristus, har ein funne sporer av denne urten.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det blir fortalt at villgeitene på Kreta åt av denne planten dersom dei var blitt såra av ei pil. Denne historia finn vi til og med i den greske filosofen Aristoteles sine skrifter.

Frå generasjon til generasjon heilt opp til vår til har kretarane overført kunnskap om urter til bruk i mat og mot ulike plager. Denne urten er i ein særstilling i denne tradisjonen.

Spinalonga

Heilt fram til 1950-talet var det ein spedalske-koloni på den vesle øya Spinalonga utanfor Elounda på Kreta. Det blir fortalt at det einaste middelet som kunne lindre smerten til dei sjuke, var safta frå denne planten.

Det latinske navnet er origanum dictamnus, på Kreta kallar dei den berre dittamos. Den er i nær slekt med vårt pizzakrydder, men den har ein langt meir spennande virkning enn det.

Destillering

Vi er innom på ein liten bedrift, BioAroma, utanfor Aghios Nicolaos, ein middels stor by langt aust på Kreta. Hjartet i bedriften er ein stor kjele som blir brukt til å destillere ut olje frå urter. Her blir oljen frå dittamos forsiktig henta ut i ein prosess som liknar på destillering av alkohol.

– Vi produserer olje frå rundt femten ulike urter som veks her på Kreta, og vi er åleine i verda om å produsere olje frå dittamos, fortel Sakis Pediaditis, som eig bedriften.

Eksem

Krem som inneheld dittamosolje blir brukt mot insektsbitt, frosteksem, tørr hud, brannsår, solbrenthet med meir. Kretarane lagar også te av dittamos, og brukar det særleg mot hovudverk og forkjølelse.

Origanum dictamnos er ein raudlista plante, det vil sei at den står i fare for å bli utrydda. Den er vanskeleg å finn på Kreta, fordi folk i alle år har plukka den.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Drømmer om bokutdeling i hele Norge
Les også
Banker på vinduene til de prostituerteYWAM LighthouseProstitusjon
Les også
Bodil kan dele ut nattverd på fullmaktKateketer
Les også
Det de har sett og hørtAnmeldt bok
Les også
18 - 25 år, alderen der troen testesMenighetsdoktorer i Dagen