Kvar står det om evolusjon i Bibelen?

Skapinga er absolutt og målretta.

Ein av våre aller fremste ekspertar på spørsmål som gjeld livet og naturen, altså det som går direkte på evolusjonslæra, er Trygve Gjedrem, professor emeritus i biologi. Han har tilknytting til Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) og stiller i ein kommentar til ei bokmelding, spørsmål om kvar NLM står i striden om evolusjonslæra. (Utsyn 07/17) Det er eit relevant spørsmål, men eg skal ikkje gå inn på det.

Gjedrem siterer frå bokmeldinga at forfattarane i stor grad lukkast med målet sitt: «Å vise at evolusjonslæren kan kombineres med en klassisk kristen tro.» Eg har lese boka og konkluderer motsett.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Biologiprofessorens kommentar er: «Det eg saknar er kvar i Bibelen det står noko om evolusjon og evolusjonsteori?» Det spørsmålet synest eg er av same avslørande karakteren som når gutten i eventyret om keisarens nye klede, utbryt: Han er naken! Han manglar altså det han seiest å ha, slik evolusjonen og evolusjonsteorien manglar i Bibelen.

Den bibellesande professoren opplyser at han etter dei to første kapitla i Bibelen har notert 150 plassar i Gud ord der Skaparen og skaparverket hans er omtalt, og at det truleg er fleire. Noko tilsvarande finn ein ikkje om ordet eller tenkinga som ligg i «evolusjon». Dette er eit sterkt signal om at fokuset i Guds ord er på skaping, ikkje på evolusjon. Den gode professoren går ikkje inn på spørsmålet om skaping via evolusjon, fordi han som fagmann sjølvsagt veit det er to heilt motsette måtar å nærma seg livet, tilværet og naturen på.

Gjedrem peikar på at Bibelen framhevar at Gud både har skapt og held skaparverket opp, og då for at alt skulle tilhøyra Gud. Etter evolusjonslæra tilhøyrer naturen og livet berre seg sjølv. Han omtalar DNA-molekylet som Guds signatur i naturen. Den informasjonen som ligg her, «styrer alle livsfunksjonene i individa», påpeikar han. Skaparverket vitnar om at vi har ein veldig og suveren Gud.

Den tenkinga om skaping kontra evolusjon som Gjedrem legg til grunn, svarar til at ordet som i skapingsfortellinga er brukt for å skapa, talar om ei skaparakt, ikkje om ei utvikling. Det er eit ord som seier at det som ikkje var til, brått er til, eller som salmisten seier: «Han baud og det stod der.» (Samle 33,9)

Skapinga er absolutt og målretta. Guds svar til Job vert nesten meiningslaust og utan verdi, om ein skulle skriva inn evolusjon der. Poenget er nemleg at Gud har skapt alt, har eit mål med alt og kontroll på alt – like ned i den minste detaljen, og difor har han også kontrollen i Jobs liv.

Det er når ein orienterer seg filosofisk, at ein opnar for evolusjonslæra. Då spør ein: Korleis kan ein tenkja seg at tilværet vart til? Svaret på det er nesten utan grenser.

Det kristne spørsmålet er: Kva seier Bibelen om korleis livet og naturen vart til? Då er svaret nokså opplagt: Ved Guds suverene skapargjerning som målretta skaparakter.