SKULEN: Så påstår altså enkelte, ja, faktisk ganske mange, at kristendommen er ute av skulen. Dersom det er tilfelle er det lærarar/rektorar/skular som har svikta, skriv Ingunn Moi.
Thomas Brun, NTB Scanpix
Kristendomsfaget ute av skulen?
Det blir påstått frå talarstolar, frå avisspalter
og i fleire samanhengar at barna i skulen ikkje lenger
får undervisning i kristendom. Og eg undrar meg:
Kor har dei det frå?
Eg har hatt min arbeidsdag i skulen i meir enn 30 år, og har undervist i faget. Faget har hatt fleire namn gjennom åra, og nå er det KRLE; kristendom, religion, livssyn og etikk. Eg meiner at det er eit av dei viktigaste faga me har.
Elevane treng kunnskap i alle fag, men noko av det viktigaste dei lærer er å bli sjølvstendige menneske, rusta til å ta eigne val og leve ansvarleg saman med andre menneske. Til det treng dei kunnskap om sitt eige lands kultur og historie, og her spelar kristendommen ei viktig rolle.
I det fleir-religiøse samfunnet Noreg er blitt, treng også elevane våre å bli kjent med andre nordmenn og innvandrar sin kultur og religion. Skal me forstå kvarandre, og respektere kvarandre sine ulikskapar, så må me lære å kjenne kvarandre. Den lærdommen kan me legge til rette for gjennom KRLE-faget.