SUBJEKTIV LÆRE: Den subjektive forsoningslæra er etter mi oppleving langt meir til å få forstand av, skriv innsendaren.
Foto: Stig Alenäs / Adobe Stock
Jesu liding og forsoningslæra
Faren som spring imot den totalhavarerte sonen med opne armar. Her er det berre faren sin kjærleik, Guds kjærleik som gjeld, inga forsoning, ikkje eingong nåde. Og slik vil eg halde fram og forstå det heilage påskeevangeliet!
I Korsets Seier 23. april har David Eikeri Andersen ein grei gjennomgang av dei tre for mange velkjende variantane av den såkalla forsoningslæra, som blir kalla den objektive, den subjektive og den klassiske. («Jesus døde for en grunn», s. 24-25).
Mindre grei er den vurderinga han gir av kvar av desse variantane. Det er tydeleg at det er den objektive som for forfattaren er den viktigaste, den som samsvarer med den forsoningslæra dei fleste kristne kjenner til og trur på, og eg siterer Eikeri Andersen si formulering:
Mennesket har berøvet Guds ære, mennesket er ikke i stan d til å gjøre opp for seg, og straffen vil bety menneskets undergang. Bare Gud selv kan gjøre opp. Ingen skal det (ingen har plikt til det) uten mennesket. Ingen kan det uten Gud. Derfor ble Gud menneske.