TRYGG: – I kyrkja fann Ingunn Stræte Lie tryggleik frå livet på utsida. – Med ein gong eg kom inn i kyrkja, var det som kjensler og problem forsvann. Når eg gjekk inn døra, var eg fri, fortel ho.

I dette rommet fann ateisten Ingunn fred

Ingunn Stræte Lie var høglytt ateist, men ein kveld ho køyrde forbi kyrkja på Ål, var det som ei indre stemme sa: «Det er dit du skal. Der ligg redninga di.».

Klokka var litt før ni den kvelden i februar 2008. Eit skilt fortalde at kyrkja var open, kva no det måtte bety. I staden for å køyre heim, snudde ho bilen og gjekk mot døra.

– Få blir kristne i voksen alder

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Der vart ho ståande med hånda på klinka i 20 minutt, utan å greie å opne.

– Det forundra meg, for eg veit jo korleis eg skal opne ei dør. Eg tenkte at det sikkert var folk der inne, og at det snart ville kome nokon ut, slik at eg kunne gå inn. På eit vis var det likevel ein siger, for eg hadde funne ein plass. Og så hadde eg forstått at kyrkja var åpen på onsdagar.

Då Ingunn prøvde på nytt, hadde ho med seg ei frå soknerådet. Ho opna døra for henne.

Sjelekamp på scenen

NM i folkemusikk

Vi sit i stova hennar heime på Ål. Rundt 300 meter frå Ål kyrkje, og eit steinkast frå barneskulen og ungdomsskulen. På den eine veggen heng tre utmerkingar som viser at ektemannen, Jo Asgeir Lie, har vore med og vunne spelemannsprisen tre gonger. Under bileta står ein kongepokal frå NM i folkemusikk i 2009, i dans. Minst like gjev som dei tre prisane over, synest Ingunn, som har vurdert å henge opp eit synleg bevis på at ho faktisk også var nominert til spelemannsprisen ein gong.

– Her er mykje kompetanse samla under eitt tak, seier ho tørt. Både ho og mannen har kvar sin mastergrad i folkemusikk og trekkspel, og i ei lita bygd som Ål kan ein ikkje velje og vrake i jobbar. Løysinga har blitt at Jo Asgeir vekependlar mellom Voss og Bergen, medan ho arbeider 40 prosent som kulturansvarleg i Geilo kulturkyrkje og køyrer born til og frå skule, heim og fritidsaktivitetar. Eit travelt, men meiningsfullt liv.

Bilder som redder liv

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Borgarleg konfirmasjon

Ingunn delte si trushistorie i eit intervju med Per Arne Dahl under Trosopplæringskonferansen i november på Lillestrøm, og deler ho gjerne med fleire. Ho var svært ung då ho byrja å gruble på dei store spørsmåla i livet, og ei av få i bygda som valde borgarleg konfirmasjon.

– Mykje handlar om dei menneska du møter, og kva dei representerer. Ikkje nødvendigvis om kva kyrkja står for, forklarer ho.

Læraren i KRL (Kristendom, religion og livssyn) var ein av dei som tidleg vaksinerte henne mot kristen tru. Han var personleg kristen og brukte det for alt det var verdt, ifølgje Ingunn.

– Han opna dagen med å syngje frå salmeboka. I dag, når eg kjem i kyrkja, merkar eg at eg kan mykje utanat. Eg kan alle versa på nesten alle påskesalmane, og eg kan mange bibelsitat. Eg kan mange bibelhistorier og, utan at eg eigentleg veit kvifor. Vi pugga og pugga, og eg tok ingen plass til å seie at det vart for mykje. Du gjer jo ikkje det som tiåring. Ikkje er det sikkert at eg tenkte det der og då heller. Men i etterkant har eg tenkt at det vart litt overdose. Eg ønskte å lære meir om andre religionar, og var open for å ta eit skikkeleg valg. Eg kom frå ein ikkje-kristen heim og fekk bestemme sjølv.

Då ho av prinsipielle årsaker ikkje fekk livssyn på ungdomsskulen heller, vart det liksom nok. Ho tenkte at den trua dei forkynte i kyrkja, ville ho ikkje ha.

Melde seg ut

Ho var 21 då ho melde seg ut av kyrkja, sikker i trua på at den guden dei snakka om der, han kunne ho ikkje tru på. Det skjedde 1. november 2002.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då ho vart kjæraste med Jo Asgeir, diskuterte dei mykje fram og tilbake om tru. Ho syntest det var kjempespennande, og var svært bestemt på kva ho meinte. Ho trudde difor at han måtte vere like reflektert som henne, men det var han ikkje.

– Han var ein folkekyrkjekristen. For han representerte kyrkja noko trygt og godt, så stakkaren blei forhøyrt igjen og igjen. Eg kalla meg sjølv ateist, eller agnostikar. Hadde Gud stått i stova mi, så hadde eg nok trudd på han, men ikkje før.

Då dei bestemte seg for å gifte seg, vart skilnaden mellom dei tydeleg på nytt. Han ville gifte seg i kyrkja, men ho nekta.

– Vi hadde lange diskusjonar om det, for eg høyrde jo ikkje til der. For meg var det å gifte seg i kyrkja som å gifte seg i ein annan religion, i ein moske eller kvar som helst.

Diskusjonen bølgja fram og tilbake mellom dei. Ho ville gifte seg hos sorenskrivaren. Då kunne dei like gjerne vere sambuarar, meinte han, men ho såg annleis på det.

– Eg ville jo gjerne gifte meg, og høyre til hos nokon. I tillegg ønskte vi oss begge eit bryllaup med mykje musikk, og det var ikkje mogleg å få til hos sorenskrivaren, for der er det inn og ut. I kyrkja var det mogleg å lage den ramma rundt det vi ønskte og som vi ville dele med gjestene våre.

Kompromiss

Løysinga kom med eit kompromiss. Viss ho gjekk med på å gifte seg i kyrkja, så skulle dei la vere å døype borna seinare. I vigselssamtalen var ho snar med å flagge syn, og sa rett ut at «no sit eg her fordi Jo Asgeir seier eg skal det. Dette vil eg eigentleg ikkje, men de har eit fint rom, og viss eg berre kan fylle det med musikk, så skal eg alltids gå ned midtgangen.»

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho forventa å høyre at ho ikkje passa inn. Responsen frå prosten såg ho ikkje kome.

«Så fint at du er her», sa han, og heldt fram: «Viss de får born, kjem dei til å vere så heldige, for dei har to reflekterte foreldre som har eit bevisst forhold til dette med tru».

Ingunn fekk og sagt at viss han kunne ha så lite Gud inn i preika som mogleg, gjerne så godt som ingenting, så ville ho vere glad.

– Kva sa han då?

– Han smilte og lo litt, og sa at det skulle han vel få til.

I forkant av talen, på sjølve bryllaupsdagen, sa prosten at han hadde bestemt seg for at den talen dei skulle hugse etter bryllaupet, skulle vere den han heldt i kyrkja.

– Vi lo litt av det, men han greidde det faktisk. Han prata mykje om samhald og kjærleik, og eg trur kanskje ikkje han nevnte ordet Jesus ein einaste gong. Vielsen inneheldt masse musikk, slik vi hadde drøymt om, og organisten spelte heilt fantastisk. Eg trur vi hadde med oss 17 musikarar. Det vart eit skikkeleg folkemusikkbryllaup, eller eigentleg ein konsert.

Tradisjon er tradisjon

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Då dei fekk den første sonen sin, var avtalen at dei ikkje skulle døype han, men då hadde dei ikkje rekna med presset frå nærmaste familie. Jo Asgeir kom i skvis, medan ho heldt på sitt. Å stå og lyge i kyrkja skulle ho i alle fall ikkje gjere. Men tradisjon er tradisjon, meinte dei rundt, og guten skulle døypast. Punktum.

– Vi gjekk nokre rundar. Han sjekka om han kunne døype borna utan tillatelse frå meg, og utan at eg var til stades, og det kunne han. Då kunne eg jo ikkje nekte han å gjere det. For meg var den dåpen heilt ugyldig uansett. Det betydde jo ingenting å få litt vatn på hovudet. Eg kunne berre ikkje stå i kyrkja og avgje løftet om å lære dei opp i trua på Kristus.

Så vart det eit nytt kompromiss. Svigerforeldra betalte gildet og guten vart døypt på Voss. Ingunn var ikkje med på dåpssamtalen, men ho var med å lage selskapet i etterkant, og setje sin signatur på det ved å servere konjakk til kaffien.

Ho sat heilt bakerst i kyrkja, og kledde på guten i sakristiet. Frå bakarste benk høyrde ho dåpsliturgien og talen, men deltok ikkje på gudstenesta i forkant. Ho reiste seg heller ikkje då dei sa at foreldra og fadrar kunne reise seg.

– Korleis var det å sitje der i kyrkja og sjå ditt eige barn bli døypt – mot din eigen vilje?

– Det var eigentleg heilt greitt. Eg hugsar at eg vart litt lei meg for at det vart slik, men eg følte ikkje at eg hadde rett til det.

Folkemusikk i kyrkja

Åra gjekk. I 2006 byrja Ål kyrkje eit spennande prosjekt med å få folkemusikken inn i gudstenesta, og Jo Asgeir fekk i oppgåve å komponere liturgien som skulle brukast.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg følgde opp mannen min på alle prosjekt, og høyrde på alle dei nye tinga han heldt på med. Ål kyrje låg 300 meter ned bakken, men eitt år etter at dei byrja med folkemusikkgudstenester, hadde eg enno ikke vore der og høyrt Jo Asgeir spele. Eg kjende på dårleg samvit. Samstundes kvidde eg meg for å be om barnevakt, for å kunne gå i kyrkja. Men til slutt fekk eg overbevist meg sjølv om at eg skulle jo berre dit for å høyre på han, pluss ein del andre musikarar.

Då ho gjekk inn i kyrkja den formiddagen, kjende ho på at ho ikkje høyrde til der. Ho orka ikkje møte dei kristne, dei ho trudde ville bekrefte alle fordommane hennar, og sette seg bakerst.

–Eg kom antakeleg eitt minutt før gudstenesta begynte. Ikkje visste eg at dei kristne eg ikkje ville ha kontakt med, kom like etter at det hadde begynt, og sette seg inn på benken ved sida av meg.

– Kva skjedde?

– Eg sat og græt heile gudstenesta. Kvifor, er det ingen som veit. Eg prøvde å finne ei forklaring for meg sjølv: Orgelspelet var fint, og det blir en jo rørt av. Salmane var fine, og trekkspelet var vakkert. Det hadde i alle fall ikkje noko med kyrkjerommet å gjere, eller...?

Eigentleg skjøna ho at det hadde med Gud å gjere, noko som opprørte henne veldig.

– Den jula blei litt rar, seier ho i dag.

– På kva måte?

– Eg hadde det nok litt tungt, med mange utfordringar i kvardagen. Den jula forsvann alt eg ikkje trudde på. Botnen i livet vart borte, og livet blei utrygt. Kva skjer no? tenkte eg.

Viss nokon sa «hei»

Sta og bestemt som ho var, så tenkte ho at dette måtte ho finne ut av og ta tak i.

Etter å ha prøvd å kome inn i kyrkja den onsdagen i 2008, gjekk ho tilbake dit. Ikkje berre ein gong, men mange.

– Det var få der på kvelden. Det passa meg fint, for eg håpa at ingen såg meg. Det verste som kunne skje, var viss nokon sa «hei». For underforstått hadde eg då teke feil, og angra. Eg hadde forstått at den ikkje-trua eg hadde bygd livet mitt på, ikkje var riktig for meg likevel. I dag tenkjer eg at det er lov å skifte meining, men det tenkte eg ikkje då.

– Kva var det du fann i kyrkja?

– Eg fann ein tryggleik frå livet på utsida. Med ein gong eg kom inn i kyrkja, var det som kjensler og problem forsvann. Når eg gjekk inn døra, var eg fri. Fri frå alt i heile verda. På den tida kunne det storme rundt meg. Eg skreiv masteroppgave parallellt med 120 prosent jobb, mann på turné og to små born. I tillegg var eg medansvarleg for landskappleiken og jobba frivillig.

– Kva var det i kyrkja som gjorde at alt vart borte, trur du?

– Det hadde med Gud å gjere. Det er eg sikker på. Akkurat då betydde det mest for meg at det var så godt å vere der, fordi eg trengte det så sterkt.

«Kven er du»?

Då det hadde gått ei tid, byrja ein ny prostiprest på Ål. Lite visste han om Ingunn sin aversjon mot å helse på nokon i kyrkja. Ein onsdagskveld han gløymde å leggje fram salmebøker og biblar, etterspurde ho det.

– Det var eitt vers i Bibelen som eg berre måtte lese, og i bøneboka, bakerst i Salmeboka, kunne eg finne mykje godt, forklarer ho.

I staden for å berre gje henne Bibelen, heldt han fram handa og sa: «Hei, eg heiter Narve. Kven er du»?

Eg hugsar ag et vart heilt lamma, og sa: «Eg heiter Ingunn. Eg er ikkje her».

«Skal vi prate litt om det kanskje?» sa han.

«Ja, kanskje skal vi det...»

Dumme spørsmål

– Han romma min tvil veldig. Eg hadde så mange dumme spørsmål, for eg kunne jo ingenting og skjøna ingenting. Det handla om dei heilt grunnleggjande tinga: Kven er Gud? Og kven er Jesus? Kva handlar kristendommen eigentleg om? Kvifor får eg det så fint her inne, og kvifor må eg tilgje?

– Så var det alle dei tinga vi gjorde i kyrkja som eg ikkje skjøna. Kvifor skal eg stå? Og kvifor skal eg setje meg? Når skal eg reise meg, og kven har bestemt alle desse tinga? Når du deltek på ei gudsteneste kjem det kanskje folk inn i prosesjon. Då reiser alle seg, men kvifor gjer dei det? Det er første «uttafor». Andre «uttafor» er at det heng tal på veggen, som eg forstår er salmenummer, men ingen har forklart det for meg. Ved sida av talet står det kanskje 1-5, som betyr at eg berre skal synge dei versa frå ein til fem, og ikkje dei frå seks til tolv. Brått byrjar nokon å synge «gloria», men den står jo ikkje i salmeboka. Tredje «uttafor». Og så kjem «heilag, heilag» som eg heller ikkje kan. Fjerde «uttafor». Når Fadervår vert sunge, så kan eg litt av teksten, men eg kan ikkje melodien. Kvifor skiftar presten klede, kva er Guds lam og kva er nattverd? Kva er det eigentleg som skjer der framme? Eg kan jo ikkje gå fram og knele. Aldri i verda, når eg ikkje veit kva det handlar om.

Ein stor prosess

Ingunn fortel at ho heile tida har vore bevisst at det er hennar prosess. Skjer det ting ho ikkje forstår eller får bearbeida, er ho attende som ateist, seier ho.

Men heldigvis for Ingunn, så fann ho to venninner som har gått i lag med henne, og undra seg saman med henne. Dei var med henne i kyrkja, og under kaffien etterpå kunne ho fortelje kva ho syntest var rart, og få svar på ting ho lurte på.

– Kva har det betydd for deg?

– For meg har det vore heilt avgjerande. Å bli kristen er ein stor prosess som går på mange plan. Livet blir så annleis, og du byrjar å tenkje heilt annleis om kvardagslege ting.

Melde seg inn

7. november i fjor melde Ingunn seg inn i kyrkja på nytt. Det skjedde med høg champagnefaktor og høghælte, raude lakksko.

– Det måtte gjerast ordentleg. Det skulle vere fest, forklarer ho.

Saman med tre venninner gjekk ho til kyrkjekontoret og skreiv seg inn på nytt. Der spretta dei champagnen og skåla for det nye livet.

Kyrkjemusikar

Frå 1. januar byrjar Ingunn som kyrkjemusikar i Ål. Ho spelar ikkje ein tone orgel, og synest det er utruleg spennande at dei vil ha henne som trekkspelar.

Trusopplæring og folkemusikkgudsteneneste har ho stor tru på, fordi ho meiner at folk treng eit påskot for å gå i kyrkja.

– Viss guten min på fem er med på opplegg i regi av kyrkja, vil eg jo gjerne følgje opp han. Og viss eg då har ein vag dragning til kyrkja, er det vanskeleg å gå dit heilt på eiga hand. Klokka 11.00 ein søndag er vi dessutan allereie på skitur.

Ho tenkjer at dei faste arrangementa kyrkja har som ledd i trusopplæringa, er ein god ting ikkje berre for borna, men og for foreldra.

– Då vert ikkje terskelen for å gå dit så høg, seier ho.

Unike på Ål

Når dei inviterer til folkemusikkgudstenester kjem det folk som ikkje brukar å gå der til vanleg, og det er sjeldan så fullt i i kyrkja som då. Desse gudstenestene er unike og utvikla på Ål. Det er deira prosjekt, men liturgien er no ute i heile Norge, og blir spelt over alt. Han var brukt på trosopplæringskonferansen i oktober, og Korsvei brukar han og.

– Kva tenkjer du om at folkemusikken har fått rom i kyrkja?

– Det er kjempefint. Eg har vel aldri tenkt at folkemusikk ikkje skulle ha nokon plass der, for kyrkja rommar jo alt, også folkemusikk.

Ved fleire anledningar har ho og kyrkjetenaren på Ål, Håkon, dansa springar i kyrkja. Ho elskar å danse, men når ho gjer det i kyrkja skjer det til ære for Gud.

– Det blir som lovsang, tenkjer eg. Eg legg heile hjarta og sjela mi i den dansen.

Mange rundar om tru

Sju år er gått sidan det første, sterke møtet med kyrkja. Ingunn har gått mange runder i desse åra, og snakka mykje med andre kristne. Etter kvart har ho forstått at ein må ikkje late att auga når ein ber, og ein må heller ikkje bruke fine formuleringar.

Bibelen har ho eit litt ambivalent forhold til, og har funne ut at han kan lesast på to måter: anten positivt eller negativt.

– Det siste skjedde når eg skulle lese åleine. Eg forstod kanskje ikkje det eg las, og stilte spørsmål ved ting. Eg hadde ikkje den nødvendige heilskapen, seier ho.

I kyrkja vert det gjerne lese eit utdrag frå ein tekst, ofte tatt ut av sin samanheng. Og for Ingunn som ikkje hadde forkunnskapar, var det vanskeleg å forstå. Kven var for eksempel Paulus? Eller David?

Då ho las verset om at David dansa for Herrens åsyn, takka ho.

– Då fekk eg dansen min, seier ho.

Ho innrømmer at ho ikkje les så mykje i Bibelen i kvardagen, fordi han er vanskeleg tilgjengeleg og fordi ho ikkje har så mykje tid til overs.

– I tillegg er eg av det slaget som skal gjere ting ordentleg. Eg kan ikkje berre lese bittelitt, seier ho.

Les også
Sjelekamp på scenenHedningen og misjonæren
Les også
Helt på trynet – og helt til topps
Les også
Bilder som redder liv
Les også
Lager Jesus av grønnsakerDiab Badarneh
Les også
Tilgivelsen sitter løst hos familien Sundling