Dåpsliturgi og skapingsteologi

Barnet blir ikkje sett som Guds barn i utgangspunktet, det er noko det må bli. Derimot må det vere viktig å halde fast på at barnet er Guds barn frå fødselen av. Barnet blir motteken til dåp i kyrkja fordi det er skapt av Gud og tilhøyrer skapinga.

Eit framlegg til revidertdåpsliturgi iDen norske kyrkja har nyleg vore ute til høyring.Kyrkjerådet skal ha saka til handsaming i juniKyrkjemøtet i januar neste år.

I fleire samanhengar har det vore peika på at den gjeldande dåpsliturgien frå 2011 ikkje fungerer godt. Han blir opplevd som for ordrik, gjentakande og tung – og for lang.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Det har òg vore reist innvendingar mot strukturen, mellom anna at faddertiltalen kjem etter dåpshandlinga. Ogsåteologisk har liturgien vore kritisert, men utan at dei teologiske innvendingane har vorte tekne omsyn til. I høyringsframlegget blir det presisert at revisjonen ikkje inneber ei endring av dåpsteologien.

I framlegget som ligg føre, er det fleire spørsmål av meir «praktisk» karakter som det venteleg ikkje vil vere stor usemje om. Det gjeld til dømes plasseringa av «fadderformaninga» før forsakinga og trua, i staden for etter sjølve dåpshandlinga slik det er i 2011-liturgien.

Det er òg rimeleg uproblematisk å endre rekkjefølgja i formuleringa «din inngang og din utgang» – i staden for det motsette.

Men samstundes er det òg utfordringar knytt til dåpsliturgien. Hovudutfordringa med det framlegget som ligg føre, er etter mi meining korleis ein formulerer mottakinga til dåp, og den dåpsteologien som her ligg til grunn.

Dette er eit spørsmål korleis vi tek i mot dåpsfamiliane i folkekyrkja. Ikkje minst sett i samband med den klare nedgangen i oppslutnaden om dåpen i Den norske kyrkja. Mottakinga til dåpen må gje attkjenning hos dei som kjem med borna sine til dåp. Formuleringane våre må kommunisere.

Dåpsbarn og dåpsfamiliar blir i framlegget til ny dåpsliturgi møtt med denne formuleringa av kva dåpen er (dåpsforklaring):

«I dåpen får vi del i Jesu Kristi siger over vondskap, synd og død.» Så følgjer Joh 3,16: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.» Dette fungerer, for å seie det mildt, dårleg som mottaking til dåpen. Det ligg nær å tolke dette slik at dåpsbarnet representerer «vondskap, synd og død», og vil gå fortapt utan dåpen (jf. bibelverset).

Dette er problematisk både pedagogisk og teologisk. Barnet blir ikkje sett som Guds barn i utgangspunktet, det er noko det må bli. Derimot må det vere viktig å halde fast på at barnet er Guds barn frå fødselen av. Barnet blir motteken til dåp i kyrkja fordi det er skapt av Gud og tilhøyrer skapinga. I dåpen feirar vi livet og gleda over «livets under» – i takksemd til Gud som skapar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Derfor må mottakinga tildåp skje med eit skapingsteologisk utgangspunkt.

Dermed kan heller ikkje rekkjefølgja i dåpsliturgien vere tilfeldig. Skapingsperspektivet må kome først – såfrelsa. Dette er òg den rekkjefølgja vi finn i Genesis, i den første skapingsforteljinga.Skapinga er – sjølvsagt – først.

Gud skapte verda – og mennesket – og såg at det var godt. Skapinga, det allmenne, er utgangspunktet fordåpen. Eller sagt med Grundtvig: «Menneske først og kristen så.» Det allmenne, skapinga, det å vere menneske, må vere tilknytingspunktet for dåpen. I det utkastet som ligg føre, er det derimot behovet for frelse det som først blir kommunisert.

Av denne grunn vil eg argumentere for at Johannes 3,16 blir teken ut avdåpsliturgien, i alle høve i den samanhengen skriftstaden står i framlegget. Han bør ikkje vere ein del av mottakinga til dåp.

Johannes 3,16 har heller ikkje lang fartstid i dåpsliturgien. Bibelstaden kom først inn i 1981. I mottakingsdelen av liturgien treng vi derimot formuleringar har ei tydeleg skapingsteologisk fundering – fordi skapinga alltid er først.

«Og Gud såg at det var godt».

Les også:

(function(d, s, id) { var js, fjs = d.getElementsByTagName(s)[0]; if (d.getElementById(id)) return; js = d.createElement(s); js.id = id; js.src = "//connect.facebook.net/nb_NO/all.js#xfbml=1"; fjs.parentNode.insertBefore(js, fjs); }(document, 'script', 'facebook-jssdk'));

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Innlegg avDagen.