Under slagord som «Send barna hjem nå» og «Barnevernet = Gestapo» samlet noen hundre demonstranter seg foran Stortinget i 2016 for å vise sin motstand mot barnevernet. Mange av demonstrantene var selv foreldre som er blitt fratatt sine barn av barnevernet. Foto: Ole Berg-Rusten, NTB Scanpix
Avisa Dagen og barnevernet
Har ikkje Dagen fått med seg at det er mange, mange familiar som har svært dårleg erfaring med barnevernet? Kva interesse syner Dagen for desse familiane?
I Samnanger kommune har no tre tidlegare barnevernssaker vorte granska. I rapporten, som er utarbeidd av Barneadvokatane DA i Oslo, og vart offentleggjort torsdag 15. august, får det dåverande barnevernet i Samnanger flengjande kritikk. Samnanger kommune har gjort ein dårleg jobb, noko som har hatt store, uheldige konsekvensar for dei berørte familiane på ei rekkje område.
På eit ekstraordinært kommunestyremøte torsdag 22. august handsama kommunen granskingsrapporten. Der vart det gjort samrøystes vedtak om økonomisk oppreising til kvart av dei berørte barna og til kvar av fedrane, og det vart bedt om orsaking til familiane for påstandar som har vorte framsette mot dei og for øydelagd barndom.
Etter at granskingsrapporten vart offentleg tilgjengeleg torsdag 15. aug, tok både Bergens Tidende (18.08) på leiarplass og lokalavisa vår her, Samningen, (15.08 og 22.08) saka opp. NRK hadde saka oppe både i Vestlandsrevyen og i intervju med ordførar og varaordførar og leiar for Frp her i Samnanger (20.08).