ØKONOMI: Den økonomiske sida ved adopsjon har regjeringa diverre ikkje vald å fokusera på, men KrF kvinner vil på det sterkaste rå til at det vert arbeidd med ei omlegging av støtteordningane knytt til adopsjon, skriv Sæbjørg Hageberg Kjeka.
NTB scanpix
Adopsjon må bli enklare, raskare og rimelegare
Dersom adopsjon frå utlandet skal vera eit reelt alternativ, er det viktig at ikkje adopsjonsprosessen blir for lang, slik han i periodar har blitt for mange som er blitt godkjente som adoptivforeldre, og det er viktig at det ikkje vert kravd for mykje av dei som skal adoptera.
Rundt omkring i verda veks mellom to og åtte millionar born opp på institusjonar i staden for å bu saman med familien sin. Dei blir gjerne kalla foreldrelause, sjølv om mange av desse har både mor og far. Problemet er at den biologiske familien ikkje ser seg i stand til å ta hand om barnet eller endå eit barn.
Dette er djupt tragisk, og det er difor viktig at Noreg støttar opp om ordningar som tar sikte på å hjelpa familiar til sjølve å ta seg av borna sine – både her i landet og i andre land. Samtidig må det gjerast endå meir for å sikra gode forhold for alle dei borna som veks opp utan foreldre eller utan omsorg frå eigne foreldre.
I følgje FN sin Barnekonvensjon er det staten sitt ansvar å sikra desse borna si framtid, og i ein del tilfelle vert det difor lagt til rette for at barnet kan adopterast bort – enten i eige land eller til eit anna land.