VEREKRAFT: Victoria Bø, kommunikasjonsleiar i NLM, er ute med si tiande bok. Denne gongen under tittelen Værekraft.
Odd Mehus
Vil hjelpa kristne med å finna kvile og von i ei uroleg verd
Kjærleik, glede, fred, tolmod – ånda sine frukter frå Galatarbrevet står sentrale i den nye boka til Victoria Bø, Værekraft.
For eit par veker sidan gav Victoria Bø ut si tiande bok titulert Værekraft.
Bø er kommunikasjonsleiar i Misjonssambandet (NLM) og har skrive boka med tanke på dei som lengtar etter glede og von i ei uroleg verd.
- Dette er ei bok som eg vonar kan gje livsvon. Det skjer mykje rundt oss i verda som skaper uro og uvisse. Difor ville eg skriva ei bok som hjelper ein med å utforska det gode i verda, seier Bø.