MARKERING: Vebjørn Sand (t.v.) og Masud Gharahkhani framfor det nye måleriet av Heilag-Olav på Moster.
Tore Hjalmar Sævik
Stortingspresidenten avduka måleri av Heilag-Olav i bøn til Kristus
Kjendiskunstnar Vebjørn Sand vart inspirert til å måle «Det første i vår lov» etter hemmeleg besøk på Moster.
Laurdag føremiddag avduka stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) måleriet i det nye tilbygget til Moster Amfi.
– Det er veldig flott, veldig sterkt, seier Gharahkhani til Dagen om kunstverket.
Stortingspresidenten leier Nasjonal komité for Nasjonaljubileet i 2030. Han ser ein raud tråd frå kristenretten til Magnus Lagabøtes landslov, som fyller 750 år i år, til Grunnlova i 1814. Sjølv kallar han seg «litt nerdete», men han meiner jubilea er viktige for alle for å forstå norsk identitet.