JAKT: Over 90 prosent av norske jegerar er menn. På den kristne jaktleiren er det ikkje plass for kvinner.
Vidar Ruud/NTB/NPK
Startar dagen med andakt, så går dei ut og skyt hjort og ryper
Indremisjonen inviterer til «unik leir». Den er berre for menn.
På Helgatun leirstad i Voss kommune oppdaga dei at mange av tilboda var retta inn mot eit kvinneleg publikum.
– Vi må ha noko som tiltrekkjer seg menn. Det var slik ideen dukka opp. Vi hadde høyrt om kristne jaktleirar austpå, og her i traktene ligg jo forholda godt til rette.
Det seier Odd Inge Austevoll, som er hovudleiar bak årets jaktleir.