KRITISK: Journalist og forfattar Trude Teige. Foto: Benedicte Treider

– Snakk med overgripar og offera

I går skreiv Dagen at norsk lov hindrar kristne organisasjonar i å stanse at overgriparar slepp til på talarstolen i bedehusa.

Som arbeidsgjevarar er dei nemleg hindra av personopplysningslova til å opplyse andre om personar som er skulda eller dømt for seksuelle krenkingar.

Dagen har tidlegare omtalt journalisten og forfattaren Trude Teige sitt engasjement rundt overgrep i kristne samanhengar. Ho er samd i at det er viktig med personvern og prinsippet om at ingen dømt før dom er rettskraftig.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Men eg har aldri uttalt meg om jussen. Eg har uttalt meg om etikken, og stilt spørsmål ved om ein er opptatt av å hjelpe kvinner som blir utsett for overgrep i dag. Då er det naturleg å stille spørsmål ved om organisasjonane også har kontroll på dei som er dømde for overgrep, seier Trude Teige.

Les også: Teige bekymra for handtering av overgrep

Gråsone

Teige meiner det er ein gråsone her som organisasjonane må stilla seg til.

– Eg har snakka om eit tilfelle som rett nok var eit forlik, men vedkomande innrømma også at det hadde skjedd ting som ikkje burde skjedd, reint etisk.

Teige meiner at jussen berre kompliserer saka.

– Når det dukkar opp ei sak, veit ein i dette miljøet kven det gjeld. Det er ikkje på grunnlag av nokon liste eller informasjon frå organisasjonen. Det blir reagert på det, ikkje berre frå folk rundt sjølve offeret, men generelt i bedehusmiljøet - at ein som har betalt erstatning for seksuell krenking er tilbake på bedehusets talarstol.

Personvern hindrar info om overgriparar

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Skuggar banen

Det handlar om tillit, meiner forfattaren.

– Vi har eit prinsipp om at når nokon har gjort opp for seg, har dei gjort opp for seg. Men så er det også slik at organisasjonane, om dei er kristne eller politiske, sjølv må vurdere om vedkomande har misbrukt tilliten og svikta på ein slik grov måte at dei ikkje kan tillate at vedkomande kjem tilbake i til dømes leiande posisjonar i politiske parti, eller i ein posisjon der du snakkar om nåde og tilgjeving på bedehusets talarstol, seier Teige.

Ho utfordrar dei kristne organisasjonane på kva haldningar dei har til overgriparar reint etisk.

– Også ut frå omsyn til om det vil virke støytande på folk. Eg tenker sjølvsagt spesielt på offera, men også generelt i miljøet. Eg synes at organisasjonane skuggar banen på ein rar måte. Dei må kunne ta ein samtale med vedkomande og sei at dei opplever det som problematisk, og han bør tenke over om han vil ta belastinga med å vere den som gjer at folk vil føle seg støtt.

Dei svakaste

Teige meiner at den enklaste løysinga er dialog og samtale med både offera og dei som blir skulda for seksuelle krenkingar, særleg i saker «der alle veit om det likevel».

– Dei treng ikkje ha ei liste, men det krev av store organisasjonar at dei følgjer med i saker som har vore mareritt for mange menneske.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho tykkjer det er rart at Indremisjonsforbundet sentralt tydelegvis ikkje kjente til den konkrete saka ho snakkar om, noko det lokale miljøet skal ha vore godt kjent med.

– Der har ein også nokon som trur at vedkomande er uskuldig, og det vil vere folk som ønskjer at han skal kome tilbake. Mitt spørsmål er då om ein på kva som helst bedehus sjølv kan bestemme seg for å rehabilitere nokon - utan at ein har ein dialog om det er så klokt, eller om det er bra for offeret.

Ho hevdar at offera ofte strever mykje meir enn dei som er dømt for overgrep, og at organisasjonanes bør stille seg på sida til den svakaste.

Les også
Teige bekymra for handtering av overgrep
Les også
Personvern hindrar info om overgripararDette er saka