ETTERLYSER: – Det er fint at organisasjonane tek kvinnene på alvor, men har dei kontroll på overgriparane? Er det greitt at dei talar på bedehus? spør forfattar Trude Teige. Foto: Benedicte Treider.

Teige bekymra for handtering av overgrep

Forfattar Trude Teige er positivt overraska over å ha fått brev frå kristenleiarar, men samstundes uroleg for korleis organisasjonane i praksis handterer slike saker.

I september fekk forfattar og tidlegare TV2-journalist Trude Teige brev frå generalsekretærane i dei fire organisasjonane Indremisjonsforbundet, Normisjon, Det Norske Misjonsselskap og Norsk Luthersk Misjonssamband.

Ho hadde då lansert krimboka «Jenta som sluttet å snakke», som handlar om seksuelle overgrep i kristne miljø.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les: Skreiv krim om overgrep i bedehusmiljø

I brevet skriv dei at dei forstår hennar «berettigede sinne mot bedehusmiljøer og kristne organisajoner ut fra de erfaringene du beskriver». Dei kallar det «en stor tragedie at mange kvinner, også svært unge kvinner, har møtt predikanter som har misbrukt deres tillit ved å begå overgrep».

Dei fire kristenleiarane viser til arbeidet som er gjort i organisasjonane for å avdekke og førebyggje overgrep og seier at dei ynskjer å møte kvinner som tek kontakt med henne fordi dei har opplevd overgrep.

Positiv

Teige er positiv til brevet ho fekk.

- Eg vart veldig overraska, for eg har ikkje akkurat skrive ei fagbok om overgrep. Det er svært positivt at dei poengerer at dei tek overgrep på alvor, at dei har nye retningslinjer og at dei vil lytte, i motsetnad til tidlegare år. Eg vart både overraska over og glad for det.

Fekk tips

Like etter at ho fekk brevet, fekk ho eit tips som gjorde henne betenkt.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg fekk tips frå eit bedehusmenneske om at ein mann frå ei kjent overgrepssak var tilbake på talarstolen. Det er fint at dei tek kvinnene på alvor, men har dei kontroll på overgriparane? Er det greitt at dei talar på bedehus? Dei må også ha kontroll på overgriparane og forhalde seg til det, seier Teige.

Den røynde journalisten dreg parallellen til den politiske verda. Der ville det vore heilt utenkjeleg at ein politikar som har begått seksuelle overgrep igjen kunne kome på Stortingets talarstol, seier ho.

Saka har tidlegare vore omtala i Sunnmørsposten. Dei skriv at den omtalte forkynnaren vart anmeldt for seksuelle overgrep på 90-talet. Saka vart henlagt, men kvinna gjekk vidare med eit sivilt søksmål, og mannen vart først dømt til å betale ein større sum i erstatning. Under ankesaka inngjekk partane forlik. Mannen beklaga at han involverte kvinna i eit seksuelt forhold og godtok å betale 20 prosent av tilkjent erstatning.

I haust var han invitert til å tale på eit bedehus i IMF-regi.

Då Sunnmørsposten spurde generalsekretær Erik Furnes om forkynnaren som var invitert til bedehuset, svarte Furnes at han hadde kontakta organisasjonen mannen tidlegare hadde vore tilsett i. Han viser til at tidlegare oppdragsgjevar har eit visst ansvar for å følgje opp slike saker og understreker at saka ligg mange år tilbake i tid.

Furnes viser til at det er vanskeleg å ha oversikt over all lokal aktivitet ved 600 bedehus, men at dei gjev råd der det er aktuelt og at dei råda som regel vert følgd.

– Ikkje godt nok

Det er ikkje godt nok, meiner Teige.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Har dei kontroll på dei? Visste han om at mannen skulle tale? Viss han ikkje visste om det, er det ikkje bra. Eller må dei få henvendelse frå folk som ikkje synest at det er gretti. Eg har snakka med overgrepsofferet og ho synest ikkje det er greitt.

Politi

Teige er også kritisk til at organisasjonane i liten grad politianmelder saker.

– Vi ser også i nyare saker at det ikkje er mange saker som vert anmeldt. Vi ser at det vert rydda opp internt. Så vert det gjerne sagt at kvinna ikkje ynskje å anmelde. Då lurer eg på: Kvifor det? Kva råd har kvinna fått om det?

Teige peiker på at eksterne kan ha rett til å anmelde og at politiet også kan starte etterforsking på eige initiativ. Ho peiker også på at sjelesorgsituasjoner som har utvikla seg til eit seksuelt forhold er råka av straffelova.

– Frå gamalt av veit vi at når ein overlèt til kvinnene sjølv å anmelde, ligg det i det at det ikkje vert politianmeldt. Eg håper det er ei anna haldning til det no.

– Preventivt

Indremisjonsforbundets blad Sambåndet har omtalt brevet som organisasjonane sende til Teige. Personalleiar Aud Karin Kjølvik Ringvoll i Indremisjonsforbundet trur openheit kan skapa eit klima der seksuelle overgrep ikkje kan halda fram.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ho seier at organisasjonane ikkje er redde for det søkelyset Teige set på kristne miljø.

– Me tar avstand frå utnytting og misbruk av makt og treng hjelp til å gripa tak i dette, seier ho, og får støtte av generalsekretær Erik Furnes i ImF.

– Berre openheit kan belysa det vonde som me snakkar om her, seier han til Sambåndet.

Kjølvik Ringvoll trur det kan virka preventivt at det blir sett søkelys på problemet, og at fleire som har vorte utsette for seksuelle overgrep i organisasjonane vågar å ta kontakt.

– Me ynskjer ikkje å skubba dette under teppet, men å ta tak i det, understrekar personalleiaren overfor Sambåndet.

Felles forum

Ho seier at det fram til slutten av 80-talet var ei taus haldning til seksuelle overgrep, og handsaminga av sakene vart ofte dårleg. Så vart det sett eit offentleg søkelys på problemstillinga, og på slutten av 1990-talet kom dei første sakene i ImF. Dei nemnde fire organisasjonane gjekk etter kvart saman om å henta erfaring og laga felles retningsliner for korleis ein skulle handsama slike saker.

– ImF, Normisjon, NLM og NMS har òg eit forum som møtest ein gong i halvåret der me held kvarandre orientert og gjev kvarandre råd og vegleiing, fortel Kjølvik Ringvoll.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Skuleturne

I desse dagar reiser Teige rundt på ungdomsskular og fortel om den nye boka si «Jenta som sluttet å snakke».

– Det er sterkt å snakke til ungdomar som ikkje veit kva bedehus er ein gong. Dei er veldig interesserte i det eg fortel om seksuelle overgrep i religiøse samanhengar, seier ho.

Les også
«En prest og en plage» til dannelse og foraktBørre Knudsen
Les også
Politimestre må legge fram plan for uavklarte straffesaker
Les også
Alle liv er like verdifulle
Les også
Skreiv krim om overgrep i bedehusmiljøTrude Teige
Les også
Prega av bedehuset