LOVBUNDEN: Kristne organisasjonar kan ikkje varsle om personar som er skulda for seksuelle krenkingar. Det blir helst brannslokking i etterkant, ifølgje Erik Furnes i Indremisjonsforbundet. Illustrasjonsfoto: Bjørn Olav Hammerstad

Personvern hindrar info om overgriparar

Norsk lov gjer at kristne organisasjonar ikkje kan stanse at overgriparar slepper til på talarstolen.

– Har dei kontroll på overgriparane? Er det greitt at dei talar på bedehus, spurde forfattar Trude Teige i Dagen torsdag førre veke.

Ho viste til ei sak der ein forkynnar, som vart meldt for seksuelle overgrep på 90-talet, nyleg blei invitert til å tale på eit Indremisjons-bedehus på Sunnmøre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men norsk lov hindrar kristne organisasjonar i å lage ei liste over personar dei ikkje tilrår fordi dei skal ha gjort seg skuldige i seksuelle krenkingar.

– Vi kan ikkje informere lag og foreiningar om at ein person ikkje bør nyttast på bakgrunn av slike saker. Vi må ta det opp ved dei aktuelle tilfella det skjer, seier Erik Furnes, generalsekretær i Indremisjonsforbundet, til Dagen.

Sunn haldning

Det er personopplysningslova som er grunnlaget for restriksjonane. Det gjeld like mykje frivillige som tilsette, ifølgje Furnes.

– Du skal ikkje spreie personopplysningar, og er dei sensitive skal det ekstra mykje til for å gjere det, stadfestar seniorrådgjevar Guro Skaltveit i Datatilsynet.

Sensitive personopplysningar inkluderer mellom annan seksuelle forhold og dersom ein person har vore mistenkt, sikta, tiltalt eller dømt for ein straffbar handling.

– Det vitnar om ein veldig sunn haldning at ein faktisk ikkje sender ut namn, særleg om ein person ikkje ein gong har ein dom på seg. Det er noko med å få lov til å gå vidare i livet, sjølv om du har vore mistenkt for overgrep, seier Skaltveit.

Ho understrekar at dersom ein ikkje er dømt for noko, er det ikkje sikkert at noko har skjedd. Dersom sensitive opplysningar skal kunne offentleggjerast må som regel personen samtykke.

– Å skulle offentleggjere at ein person nokon gong har vore mistenkt for noko, handlar også like mykje om etikk som lovverk, seier seniorrådgjeraren i Datatilsynet.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også: Sorg og sinne når menighetsleder faller

Ikkje svart-kvitt

Trude Teige har snakka med overgrepsofferet i saka på Sunnmøre. Offeret skal ha opplyst at ho ikkje synes det var greitt å høyre om at overgriparen igjen stod på ein talarstol.

Erik Furnes i Indremisjonsforbundet seier han forstår at folk som er utsett for seksuelle krenkingar kan føle det urimeleg at krenkar får sleppe til i andre samanhengar.

– Men eg trur også at mange forstår at informasjon vil kunne ha uheldige biverknadar med ei rekkevidde som også vil ramme urettferdig. Det er ikkje nødvendigvis svart-kvitt, seier han.

Gråsone

Det er utarbeida felles retningslinjer for Indremisjonsforbundet, Norsk Luthersk Misjonssamband, Normisjon og Det Norske Misjonsselskap for handtering av seksuelle krenkingar.

Ei felles ressursgruppe med fagpersonar frå alle fire organisasjonane jobbar no med å forbetre retningslinjene, sett i lys av norsk lovverk.

– Kan de informere dei andre organisasjonane om eventuelle overgriparar?

– No kjem du i ei gråsone der juristane vil sei at det kan vi ikkje. Men i alvorlege tilfelle er det nær sagt uansvarleg å ikkje gjere det. Eg har vore i generalsekretærmøtet i fem år, og då har det aldri vore delt eit namn i den samanhengen, seier Furnes.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Liste over tilrådde

I Pinserørsla har dei løyst utfordringa med personvernet med ei ordning med tilrådingar. Kvar kyrkjelyd har sjølv arbeidsgjevaransvar, og kan velje om dei vil tilrå tilsette og frivillige eller ikkje.

– I utgangspunktet skal dei som har ei verksemd utover si lokale forsamling ha ei tilrådig frå forsamlinga, som seier at dei går god for personen det gjeld sin vandel, seier Jan Eilert Aakre, leiar i Leiarrådet i Pinserørsla.

Sentralt har rørsla ei liste over dei tilrådde personane under utarbeiding. Pinserørsla oppmodar også til å be om politiattest og referansar ved tilsetting. Snart sender dei ut ein felles mal for spørsmål i personalsamtalar. Eit av mange spørsmål er om ein «søker spenning eller tilfredsstillelse hos andre enn ektefellen».

– Har de nokon måte å informere om at personar ikkje bør stå på ein talarstol?

– Då må ein gå i dialog med forsamlinga personen kjem frå. Eg kan når som helst kontakte ein persons forsamling og spørje om han har forsamlingas tillit. Då kan dei bekrefte eller avkrefte det utan å kome i konflikt med lova, seier Aakre.

Open for liste

Furnes i Indremisjonsforbundet er open for ei ordning med tilrådingar.

– Det er ein heilt ny tanke. Eg stiller meg i utgangspunktet open for ei liste der folk anbefalast frå lokale forhold. Vi har også praktisert i våre kretsar ei liste over fritidsforkynnarar som vi anbefalar å spørje. Men i ein nådegåverørsle er det framandt å la slike lister vere ekskluderande for andre, og då er spørsmålet om vi er komen så mykje lengre i denne problematikken, seier Furnes.

Dette er saka

Trude Teige gav i haust ut krimboka «Jenta som sluttet å snakke» om seksuelle overgrep i kristne miljø. Ho stiller spørsmål ved korleis kristne organisasjonar handterar overgrepssaker.

Generalsekretær Erik Furnes i Indremisjonsforbundet understrekar at personvernet hindrar dei som arbeidsgjevar i å spreie personlege opplysningar om at nokon er overgriparar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også
Skreiv krim om overgrep i bedehusmiljøTrude Teige
Les også
Teige bekymra for handtering av overgrep
Les også
15 seksuelle krenkelser og overgrep i Kirken
Les også
Sorg og sinne når menighetslederen faller
Les også
Maler Guds kjærlighet med stemmen
Les også
- Skap åpenhet