KRITIKK: Påtroppande preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, er gjest i Tore og Tarjei denne veka.
Bjørn Olav Hammerstad
– Religion er ikkje berre utdøyande
Påtoppande preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, meiner eit større livssynsmangfald i Noreg har redusert spenningane mellom forskjellige kyrkjesamfunn og kristne organisasjonar.
– Det er ikkje sikkert religion betydde så mykje meir for førre generasjon heller, men det var noko med praksis og tradisjon som hadde ei sterkare tilknytning enn det har i dag, seier Fykse Tveit.
Han er gjest i Dagen-podkasten Tore og Tarjei denne veka, som du kan lytte til her:
I eit samfunn i rask endring meiner han det er viktig å halde fast på kva som er oppgåva til kyrkja.