VERDFULLT:Mykje av det flotte og verdfulle inventaret på garden Nedre Elton, som NLM Arveoppgjør har arva, skal seljast frå den nye bruktbutikken som Misjonssentralen Gjenbruk opnar på Hamar i sommar. Inntektene går til Misjonssambandet. Foto: Jens Noraberg
Rekordstor arv til NLM
Norsk Luthersk Misjonssamband fekk nyleg ei testamentarisk enkeltgåve på seks millionar kroner pluss eit gardsbruk.
- Dette er den største arven vi har fått nokon gang i Misjonssambandet si historie. Midlane i banken, aksjar og fond er på seks millionar kroner. I tillegg kjem verdien av garden som enno ikkje er taksert, seier dagleg leiar Jens Noraberg i NLM Arveoppgjør til Dagen.
Den største enkeltarven NLM har mottatt tidlegare er eit hus med tilhøyrande eigedom som vart selt for 4,2 millionar kroner. Hittil i år ser det ut for å bli eit svært godt arveår for organisasjonen.
Garden ligg på Dokka i Nordre Land i Oppland og har 700 mål skog og kring 70 mål dyrka mark. Det følgjer med mjølkekvote, traktor og mykje utstyr.
Nedre Elton på Dokka
- Det er heilt fantastisk når du opplever noko sånt, at det er så store midlar som tilfell Misjonssambandet. Det er svært gledeleg, seier Noraberg.
Garden heiter Nedre Elton og var eigd av eit eldre ektepar som skreiv testamente til fordel for NLM åleine.
- Vi fekk melding like før påske om at Lovise Elton Haugner var død. Ektemannen, Arne, døydde for ti år sidan. Enkja dreiv garden fram til for eit og eit halvt år sidan då ho måtte slutte.
Noraberg fortel at ekteparet i fleire år arrangerte misjonsstemner på garden om sommaren.
Fått 18 mill. hittil
Generelt er det ekstra mange arvesaker for NLM første halvår i år. Det ligg kring 18 millionar kroner i det Noraberg arbeider med no, og så mykje har han aldri hatt så tidleg på året.18 millionar kroner er like mykje som kom inn i heile 2008.
- Om vi får inn meir enn normalt i år, er avhengig av kor mykje vi får inn i løpet av hausten. I fjor var vi oppe i 27 millionar kroner, og det er rekord. Det er vanskelig å seie om det blir meir i år.
Noraberg fortel at det så langt i 2011 har vore svært mykje testamentariske gåver frå folk på Austlandet, særleg Vestfold og Østfold. Det er også ein del frå folk i Møre og Romsdal. Frå Rogaland og Sørlandet har det vore mindre enn tidlegare.
Dagen møter han i Ålesund i samband med eit hus NLM har arva i Søvik i Haram kommune og eit hus på Vestnes i Romsdal.
- Huset på Søvik er verdsett til 700.000 til 800.000 kroner, medan vi ikkje har fått nokon takst enno på huset på Vestnes, seier leiaren for NLM Arveoppgjør.