Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner snakka med 7. klasseelevar på Smestad skole i Oslo etter fremlegginga av nye læreplaner i skulen i går.
Håkon Mosvold Larsen, NTB scanpix
Ny læreplan kan gi meir ulik KRLE-undervisning
I det nye religions- og livssynsfaget blir det i større grad opp til kvar enkelt lærar og skule å avgjere innhaldet.
– Eg trur vi vil sjå auka regionale skilnadar, seier Inge Andersland, høgskulerektor i religion, teologi og filosofi ved NLA Høgskolen Bergen.
I går la kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) fram fagfornyinga av over 40 læreplanar i den norske skulen. Det skjer etter fleire års arbeid og over 20.000 innspel, og er den største endringa i norsk skule sidan 2006.
Eit viktig mål har vore å redusere tala på kompetansemåla. I KRLE er dei redusert frå 129 til 41, i samfunnsfag frå 103 til 62. Målet er å få tid til å gå i djupna på dei viktigaste temaa, ifølgje statsråden.