UROLEG: Forkynnar og tidlegare nestleiar i Misjonssambandet region Sørvest, Margit Hunemo, likar ikkje utviklinga i organisasjonen, som ho har vigd heile sitt vaksne liv til.
Alice Tegle
NLM-veteran åtvarar:
– Ikkje greitt å leva med
Forkynnar Margit Hunemo utelukkar ikkje at ho melder seg ut av Misjonssambandet, dersom ikkje noko skjer.
– Er det å flytta makta frå generalforsamlinga til ei lita gruppe menn rett veg å gå for Misjonssambandet? Eller har me skote oss sjølv i foten, spør forkynnar i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM), Margit Hunemo.
Framtida hennar i Sambandet er usikker.
Grunnen er noko ho undrast på om har gått under radaren hos misjonsfolket.