For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ 1 krone for 1 måned Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Malar det grensesprengjande julemysteriet

- I ikonet er det mogeleg å nærma seg eit mysterium som vi aldri kan koma til botns i.

Publisert Sist oppdatert

Orda kjem frå ikonmalar Solrunn Nes i Bergen. I Galleri Rustica i Meland nord for Bergen har ho stilt ut fem ikonar som framstiller julemysteriet. Det gamle og vakkert restaurerte sauefjøset til Leif Johnsen på Holmenknappen dannar ei stilig og høveleg ramme for ei kunstutstilling med verk frå fleire kunstnarar der julebodskapen er tema.



Utvatna julefeiring

- Jesu fødsel er ein av dei store festane av dei 12 kyrkjefestane vi har i kyrkjeåret. Det er eit sentralt motiv dette at Gud vart menneske - inkarnasjonens mysterium. Dette grensesprengjande ordet skal ikonet formidla, seier Solrunn Nes.

Ho synest det finst mest ingen betre stad å formidla julebodskapen på enn frå løa på Holmenknappen.

- Når vi går eit steg tilbake og ser på samfunnet, ser vi kor utvatna julefeiringa er vorten. Det kommersielle sirkuset overtek meir og meir og vi vert so avleda i forhold til sjølve kjernepunktet. Kristne vert og dradd inn i desse forstyrringane, og det er ei utfordring å finna Jesu-barnet att. Det var vanskeleg å finna plass til Jesus den gongen han kom, og vi har og idag vanskar med å gje han den rette plassen. Men at ein finn Jesus att her i denne løa mellom gamle plankar og høy og staur, viser at det er plass for Jesus igjen, smiler Nes.

Ho fortel med iver om det særmerkte ved ikonmaling.

- Dette er tradisjonell kunst som er svært regelbunden og som nyttar seg av prototypar som går att. Det er visse formalia som må følgjast, til dømes ved bruk av fargar. Fargane er symbolberande og formidlar ein bodskap, seier ho.



Josef er viktig

Solrunn Nes har mala eit stort ikon av Josef med Jesu-barnet.

- Eg synest det er viktig å trekkja fram Josef nettopp i vår tid. Han var lydhør og viste omsorg, og han våga å flykta for å berga livet til familien sin. Samtidig er det godt å tenkja på at Josef tvilte. Han vart freista av den vonde til å tvila på at Jesus verkeleg var Guds Son, på same måte som vi og kjem i tvil.

Eit typisk jule-ikon er mala i såkalla «betydningsperspektiv». Det betyr at viktige personar vert overdimensjonert og store i forhold til resten av biletet. Jule-ikonet viser derfor ei grotte med ei stor Maria og eit stort Jesu-barn. Over grotta ser ein englane som prisar Gud, og ved grotta kjem dei tre vise menn. På himlen over det heile skin stjerna med strålar rett ned mot Jesu-barnet.

- Eit ikon har ein dogmatisk funksjon, det skal formidla kyrkja si lære. Biletet uttrykkjer visuelt det kyrkja uttrykkjer verbalt, seier Nes.

Ho opplever at stadig fleire får augo opp for verdien i ikonbileta.

- Dei er tiltalande reint estetisk, dei representerer noko slitesterkt og stabilt, og dei innbyr til fordjuping og meditasjon - til å stansa opp i vår travle og oppjaga kvardag, seier Nes.


Powered by Labrador CMS