Løftar fram kulturarven på nett
Arkiv, bibliotek og museum har mange dyktige fagfolk. Desse skal no bruka kompetansen sin til å laga ein kunnskapsbase på Internett.
Dei tre vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal har alle fått 150.000 kroner kvar for å skriva populærvitskaplege fagartiklar på Internett.
Det er ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum, som deler ut. Målet er å løfta fram kulturarven på ein måte som fungerer godt på nettet. Arbeidet skal skje i samarbeid mellom abm-institusjonar og regionale kulturnett. ABM-utvikling og Kulturnett.no skal ha ein rådgjevande rolle. Dette skriv ABM-utvikling på sine nettsider.
Dialog og samarbeid
- Me har mange gode døme på at slike artiklar styrkjer samarbeidet og dialogen mellom abm-sektoren og viktige målgrupper som skuleverket og reiselivet, seier avdelingsdirektør Gunnar Urtegaard i ABM-utvikling. - Me ynskjer at fagfolk i abm-institusjonane skal bli flinkare til å skriva for Internett, og desse prosjekta gir auka kompetanse.
Sogn og Fjordane har arbeidd med slike artiklar i fleire år. Det same har trøndelagsfylka gjennom prosjektet Kildenett.no, som og fekk støtte. Arbeidet har og starta i Buskerud. Ein artikkel kan vera tekst og bilete, men det kan og vera lydopptak, video eller ei blanding av dette.
- Me ser her kimen til eit landsdekkande kulturhistorisk leksikon på Internett, seier Urtegaard.