MIDT I STORMEN: Dag Sele og Ole-André Skalstad mens dei var fastlegar i Bø.
Silje Rognsvåg
Legesaka som tok heilt av
Få hadde trudd at dette skulle bli ei av dei heitaste politiske sakene med den nye regjeringa.
Det snør tungt utanfor det kvite venterommet på Bø legesenter i Telemark.
- Eg tykkjer det er ei tragedie om han skal slutte, seier ei kvinne på 66 år.
Denne februardagen sit ho og ventar på sin time hjå ein av dei utskjelte reservasjonslegane. Tre av sju legar her reserverer seg mot å vise til abort eller setje inn spiral.