SJÅ TIL BØ I TELEMARK: Sokneprest Sveinar Medhaug talar samvitsfridomens sak i reservasjonsdebatten. - Folk har etterspurd om ikkje kyrkja skal seie noko. Dette handlar om kva samfunn vi vil ha, seier Medhaug. Foto: Silje Rognsvåg
Silje Rognsvåg
- Legereservasjon var ikkje noko problem før nokon sa det til oss
I Bø i Telemark har debatten om reservasjon for fastlegar vekt opp dei sterke ytterpunkta for og mot abort. I midten sit alle dei som berre vil at alt skal vere som før.
- Eg tykkjer det er ei tragedie om han skal slutte, seier kvinna på 66 år.
Ho sit og ventar på sin time hjå ein av dei utskjelte reservasjonslegane ved Bø legesenter i Telemark.
Pulverkaffi står framme og vekeblad kan freiste med sladder. Det er ikkje mange på det kvite venterommet i augneblinken, men det kjem støtt folk innom før dei blir henta av legane.