STILTE TIL VERDIDEBATT: Kyrkjelydane kalla ordførarkandidatane i Time inn til verdidebatt.
Privat
Kyrkjelydane fekk seks av åtte ordførarkandidatar til å slå ring om friskular og skulegudstenester
– Kommunen blir rikare om det blir ein større flora i skulesektoren, meiner Miljøpartiet De Grønne sin ordførarkandidat i Time kommune, Jon Torger Salte.
Kva verdiar kjem til å prege kommunen vår dei neste fire åra? lurte sju kyrkjelydar i Bryne på.
For å få svar kalla dei inn alle ordførarkandidatane til verdidebatt, ein månad før kommunevalet.
I debatten kjempa bror mot bror og baptist mot baptist om dei kristne veljarane sin gunst, men to saker var dei einige om: skulegudstenester og friskular er ønskeleg i Time kommune.