DANIELSEN: Harald Ruud, avdelingsleiar ved Danielsen ungdomsskule Sotra.
Kai Flatekvål
Regjeringa sitt strupetak skapte nytt frimot for friskulane
Onsdag denne veka feirar friskulane i Noreg den såkalla «friskuledagen» for tredje år på rad.
I statsbudsjettet som vart lagt fram i 2023, føreslo regjeringa millionkutt i tilskot til friskulane.
Då fekk mellom andre Harald Ruud frå Bergen ein idé: å etablera ein ny tradisjon, nemleg «friskuledagen», der friskuleelevar i heile landet kjem saman for å feira skulane sine og markera seg.
Dagen vert markert av alle friskular i Noreg den fyrste onsdagen i november for å synleggjera friskulane som tilskot i eit mangfaldig Skule-Noreg.