MISTENKT: Ordførar Bergliot Gaukhei (midten) blei under kommunestyremøtet beskulda for å ha valt side i striden mellom geitebøndene i Krykkjebakkdalen. Sokneprest Theobald Glad frå Søndagspartiet (SP) fann det mistenkeleg at Bergliot serverte vørterbrødskiver med rund geitost ved opninga av møtet.
Stein E. Nyfjolling
Korrupsjonsmistanke mot ny ordførar
Bergliot Gaukhei hamna i trøbbel etter påstandar om at ferien hennar var betalt av konfliktglad geitebonde i Krykkjebakkdalen.
Bergliot Gaukhei og mannen Gunnar har ikkje for vane å reisa på ferie, men to dagar etter kommunvalet gjorde dei eit unntak.
– Kvifor? Og kven betalte? spør opposisjonen i kommunestyret.
Det nye kommunestyret hadde knapt konstituert seg før dei ni representantane fekk ei gloheit potet i fanget. Er ordføraren fleirtalet samla seg om i røynda ein korrupt politikar, kjøpt og betalt av lokale geitebønder som ligg i strid med naboane sine?