BERØMT: Barbra Streisand er en av artistene med jødisk bakgrunn som har gitt ut julemusikk.

Jødar har gjort stor suksess med julesongar

Kristne ser ikkje ut til å ha noko imot at så mange populære «verdslege» julesongar er skrivne av jødar. Jødar flest er stolte av lista.

«White Christmas», «Let it snow», «I´ll be home for Christmas», «Chestnuts roasting on an Open Fire», «Silver Bells» og «Rudolf er rød på nesen» er berre eit lite knippe.

Andre kjende sekulære juleslagerar som er skrivne av jødar, og som ikkje er nemnde her, kunne fylle eit heilt cd–album.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Men korleis har det seg at jødar ikkje skreiv liknande ikoniske songar for si eiga høgtid som nesten fell saman med jula: hanukkah, den jødiske lysfesten?

Fri antisemittisme

Det er fleire grunnar til at jødar har vore gode på julesongar og at desse songane har vorte så populære. Og det er grunnar til at jødar ikkje skreiv tilsvarande fengjande melodiar for hanukkah, eller andre jødiske høgtider. Men før det, litt musikkhistorie.

På første halvdel av 1900–talet gjekk mange jødar inn i musikkindustrien.

– Det var ein av bransjane der dei ikkje møtte overveldande antisemittisme, seier Michael Feinstein. som har vunne Emmy–pris for sine tolkingar av amerikanske musikallåtar.

« White Christmas», som vart skriven av den jødiske komponisten og tekstforfattaren Irving Berlin, toppa listene i 1942 og vart ein føregangslåt for populærmusikk skriven til jul. Det oppmuntra mange andre, enten dei var jødar eller ikkje, til å skrive liknande musikalske hyllester til jula.

Amerikansk identitet

Sjølv om desse jødiske låtskrivarane ikkje ønskte å feire Jesu fødsel, var dei komfortable med å lage meir sekulære julesongar.

– Dei populære julesongane handlar ikkje om Jesus, men om sledebjeller og julenissen og trekk ved julefeiringa. Dei er ikkje religiøse songar, seier Feinstein.

I songane og musikken sin uttrykte jødane at jula ikkje berre er ei fantastisk tid på vinteren då familiar samlar seg, men også er ein amerikansk ferie.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Rabbi Kenneth Kanter er ekspert på jødar og populærkultur ved Hebrew Union College–Jewish Institute of Religion i Cincinatti, Ohio. Han meiner låtskrivarane brukte bakgrunnen sin som born av jødar fødde i Europa, eller som innflyttarar. Det siste galdt Irving Berlin sjølv, som var fødd i Russland.

Patriotisme

Dei jødiske musikkskaparane hadde lykkast med å verte assimilerte i USA. Takksemda over dette kjem til uttrykk i songane som vart skapte midt på 1900–talet. Dei appellerte til eit land som ville vere stolt og sameint medan det kjempa for siger i andre verdskrigen.

– Desse songane gjorde jula til ei slags nasjonal feiring, nesten ei patriotisk feiring, seier Kanter.

Han meiner den ikkje–religiøse karakteren til desse julesongane neppe appellerer til fromme kristne, men han meiner songane no er blitt vevde inn i den amerikanske felleskulturen.

– Alle songarar som syng frå den amerikanske songarven, vil synge julesongar, seier han.

Lang liste

Sjølv har han gitt ut plata « A Michael Feinstein Christmas». På denne måten er han i godt jødisk selskap.

Barbra Streisand gav ut «A Christmas Album», og Neil Diamond har gitt ut tre julealbum.

I år har Idina Menzel, som starta som songar på jødiske bar mitwah–arrangement og er mest kjend for å vere den sterke, melodiske røysta i den populære filmen « Frozen», gitt ut julealbumet «Holiday Wishes». Lista kunne gjerast langt lengre.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Ukjend bakgrunn

Så kan ein spørje seg: Kva så med hanukkah–songar?

For det første ønskjer artistar eit publikum. Jødar utgjer mindre enn to prosent av befolkninga i USA, medan neste 80 prosent tilhøyrer eit kristent trussamfunn. Den naturlege marknaden for hanukkah–songar er med andre ord relativt liten.

Sjølv om hanukkah–historia handlar om religionsfridom, som er eit tema amerikanarar har eit forhold til, kjenner få forteljinga om makkabearane. Dei kvitta seg med dei hellenistiske undertrykkjarane sine, og ein dråpe olje heldt på mirakuløst vis lampane deira tende i åtte dagar.

Michael Feinstein vart oppseda i ei konservativ synagoge i Ohio. Han fortel at mange har prøvd å få han til å låne stemma si til ein hanukkah–song, men han er ikkje særleg interessert.

– Dei går vanlegvis i moll. Og det er ikkje mange kjende bilete ein kan kan leggje inn i ein hanukkah–song samanlikna med ein julesong, påpeikar han.

Meir hanukkah

Det finst framleis rikeleg av melodiøse og vakre hanukkah–songar. Nokre av dei går også i dur. Men fleire er skrivne på andre språk enn engelsk – som hebraisk eller jiddisch – og det er ikkje lett å få dei på lufta gjennom amerikansk radio eller tv.

Likevel er det kome stadig fleire forsøk på å bryte stereotypien om hanukkah–musikk. Allereie i 1982 framførte den kjende visetrioen Peter, Paul and Mary «Light One Candle». Denne har eit sosialetisk perspektiv og spelar på kampen til makkabearane.

Dei seinare åra har artisten Kenny Ellis sett eit oppdrag i å overtyde såvel jødar som ikkje–jødar om at hanukkah–songar kan vere eit friskt innslag i den nasjonale amerikanske songarven. Han framfører stadig låtar frå albumet sitt « Hanukkah Swings» frå 2005, med storband. Han ser gjerne at fleire jødar gjer som han.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Eg likar alle dei jødiske artistane som gjer julealbum. Men kva er det store problemet med å gjere eit hanukkah–album? Er det nokon som trur at dersom Barbra Streisand gjorde eit hanukkah–album, så ville karrieren hennar vere over, spør han.

Les også
Julesalme skrevet i arresten
Les også
Salmebok-mangel etter TV-suksessenSalmeboksalget
Les også
Emeline og Sunniva: – Fantastisk at sangen vår er til glede og inspirasjon på den andre siden av kloden!
Les også
Synger alle julesalmene minutt for minutt
Les også
Børud som folkepedagog
Les også
KORKen av for julestemningAnmeldt Juleplate