OVERGREP: Heidi Sandvand Hegertun er generalsekretær i Misjonsalliansen, som blant anna engasjerer seg i kampen mot nettovergrep mot barn.
Ida Cecilie Madsen, Misjonsalliansen
Hundrevis av nordmenn kjøper overgrepsmateriale på nett: - Realiteten er brutal
Ein fersk rapport frå Kripos viser at mellom 400 og 2.000 nordmenn kjøper overgrepsmateriale av born på nett. Norsk misjonsorganisasjon jobbar mot den mørke handelen.
På Filippinene er hundrevis av born offer for seksuell utnytting. Overgrep vert filma eller fotograferte av eit nært familiemedlem og selde vidare til ein framand person på motsett side av verda.
I høve til folketal er Noreg i verdstoppen når det gjeld kjøp av overgrepsmateriale på nett. I ein rapport som vart ferdigstilt i oktober 2024, slår Kripos fast at mellom 400 og 2.000 nordmenn kjøper slikt innhald kvart år.
Organisasjonen Misjonsalliansen trappar no opp innsatsen for å førebyggja denne utviklinga.