UTVAL: Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og regjeringa har oppnemnt eit utval som mellom anna skal sjå på kva slags samfunnsoppdrag folkehøgskulane skal ha.
Fredrik Hagen/NTB
Har bedt utval vurdere folkehøgskulane
Over 7000 elevar går på folkehøgskule kvart år. No vil regjeringa ha kunnskap om kvaliteten på skulane.
«Det er behov for systematisert kunnskap om innhaldet og kvaliteten på folkehøgskulane og elevane som går der» skriv regjeringa i ei pressemelding.
Torsdag 18. juni offentleggjorde regjeringa at dei har oppnemnt eit utval som skal vurdere samfunnsoppdraget, den faglege kvaliteten og dei økonomiske og juridiske rammevilkåra til folkehøgskulane.
Utvalet består av 11 personar som, i følgje regjeringa.no, har god kjennskap til folkehøgskulesektoren.