AKTUELL: Forfatter Ottar Grepstad er i disse dager aktuell med sin biografi om Ivar Aasen: «Historia om Ivar Aasen». (Foto: Thomas Vinje Øijord / NTB Scanpix)
Han fann eit språk
Ivar Aasen reiste landet rundt og fann eit språk. Den vesle mannen reiste over 25.000 kilometer og plukka systematisk opp bitar av talemålet rundt om i Noreg.
Resultatet var skriftspråket landsmål, det vi i dag kjenner som nynorsk.
- Ivar Aasen skapte ikkje eit språk, han laga ikkje eit språk. Han fann eit språk. Han var den første som oppdaga at det er mange likskapar mellom norske dialektar, seier Ottar Grepstad.
Torsdag kom han med biografien «Historia om Ivar Aasen» i samband med at det i dag er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd.