Gir ikkje etter for bioteknologi-press

- Det er ikkje ein livsrett å få ungar, seier Liv Signe Navarsete.

Sp-leia­ren rek­nar par­ti­ets stans av end­ring av bio­tek­no­logi­lova som ein stor siger for par­ti­et denne våren.

Liv Signe Na­var­sete er godt nøgd med Sen­ter­par­ti­ets inn­sats i den raud­grø­ne re­gje­rin­ga. No gjen­tek ho sam­stun­des in­vi­ta­sjo­nen til KrF om å bli med.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- No har vi sete i åtte år med Ap og SV, og fått til gode re­sul­tat for lan­det vårt. Vi ønskjer å fort­set­te med dei i neste pe­rio­de, og eg skul­le gjer­ne in­vi­tert KrF med, seier ho til Dagen.

På ein presse­kon­fe­ran­se på Stor­tin­get onsdag opp­sum­mer­te ho par­ti­ets størs­te sigre denne våren: Na­sjo­nal trans­port­plan, jord­bruks­opp­gje­ret og kom­mune­bud­sjet­tet for 2014.

Over­for Dagen trek­ker ho fram flei­re si­ger-sa­ker:

- Kyr­kje­for­li­ket, det vi fekk att på sel­skaps­skat­ten, ei pakke på skog - og vi har verdi­sa­ker der eg mei­ner at Sen­ter­par­ti­et er vel­dig vik­tig inn i re­gje­rin­ga og har drege ho i rett ret­ning, skryt Na­var­sete.

- Kunne ikkje tape saka

Ho un­der­stre­kar at det er Sen­ter­par­ti­et i re­gje­ring som har ivare­te­ke at kyr­kja skal få flei­re pres­tar og at vi føl­gjer trusopp­læ­rin­ga.

- Vi er eit verdi­par­ti som er opp­tek­ne av ver­di­ane i po­li­tik­ken, seier Na­var­sete.

- Kva med at de stop­pa re­vi­sjo­nen av bio­tek­no­logi­lova, der Ap og SV ville opne for å gjere tid­leg ul­tra­lyd til eit of­fent­leg til­bod, og opne for egg­do­na­sjon?

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Det var ein vel­dig stor siger for oss. Det for­sla­get som låg der kunne vi rett og slett ikkje stått for i re­gje­ring. Vi må sjølv­sagt tole å tape en­kel­te saker, men det var ei sak vi ikkje kunne tape, seier parti­leia­ren.

Ar­bei­der­par­ti­et sa tid­le­ga­re i vår til Dagen at dei rek­nar med at dei vil få gjen­nom re­vi­sjo­nen uan­sett. Na­var­sete av­vi­ser at Ap skal få ho til å skif­te mei­ning om den saka.

- Eg trur ikkje dei vil tvin­ge dette gjen­nom, fordi eg trur dei veit kor vik­tig denne saka er for oss. Vi kjem til å gå bein­hardt i mot det.

Ullen på val­tap

Na­var­sete trur det er ei vek­san­de skep­sis blant folk mot å «tukle med ska­par­ver­ket» slik dei raude par­tia ønskjer.

- Det er ikkje ein livs­rett å få ungar, ikkje alle får det, og det er ikkje sik­kert at alle skal få det. Vi skal ikkje tøye gren­se­ne, seier Na­var­sete.

Sp-leia­ren har slite med låge mei­nings­må­lin­gar over leng­re tid. Under presse­kon­fe­ran­sen i går stil­te flei­re spørs­mål ved kva Sen­ter­par­ti­et vil gjere der­som dei tapar haus­tens stor­tings­val.

Det ville ikkje parti­leia­ren svare klart på.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

- Dette er ikkje eit tema i par­ti­et. Vi har éin am­bi­sjon. Det er å vinne valet og fort­set­te i re­gje­ring, sa Na­var­sete.

In­vi­te­rer KrF med

Sam­stun­des som ho igjen rek­ker ut ei hand til KrF, er ho skep­tisk til Venst­re, som ho mei­ner er blitt eit høgre­par­ti.

- I øko­no­misk, næ­rings- og dis­trikts­po­li­tikk ser vi at dei er mykje samde med Høgre.

- Er Venst­re gått ut av sen­trum?

- Det skal eg ikkje seie, men dei har be­vegd seg gans­ke mykje, seier Na­var­sete.

Dette vil Senterpartiet

Kjempe mot tvangssamanslåing av småkommunar.

Vidare vekst i landbruket. Trygg norsk mat. Sikre eit fornybart gjennombrot.

Vere garantisten for at det framleis blir ført distrikts- og regionalpolitikk neste år.

Ei rekke tiltak i nasjonal transportplan, som ferjefri E39 og E6 i Helgeland.

Les også
Dette mener Senterpartiet
Les også
Firkløver-regjering er ingen lykkelig løsningFirkløver-samarbeid
Les også
Olje og EØS splitter demRødgrønt samarbeid