KYRKJEBESØK: Kong Charles og dronning Camilla markerte i fjor haust eittårsdagen for dronning Elizabeths død med gudsteneste i ei kyrkje nær slottet Balmoral i Skottland.
Andrew Milligan
For første gong har over halvparten av skottane ingen religion
Medlemstalet i Church of Scotland er halvert i løpet av eit tiår, viser befolkningsundersøking.
51,1 prosent av skottane oppgir at dei ikkje har nokon religion, melder BBC.
For elleve år sidan sa 36,7 prosent det same.
Tala kjem fram i befolkingsundersøkinga som vart gjennomført i 2022, men er publisert no.