OLYMPISKE RINGAR: Folk passerer dei olympiske ringane ved brua Nippon Bashi i Tokyo.
Foto: Hiro Komae, AP / NTB
Erkebiskop stengjer kyrkjedørene for tilreisande under OL
Katolske kyrkjer i Tokyo vil bli stengde for utanlandske tilskodarar som har komme til byen for å oppleve Dei olympiske leikane og Paralympics. Grunnen er den nye smittebølga i OL-byen.
Tilskodarane er allereie utestengde frå leikane i Tokyo. No har den katolske erkebiskopen, Tarcisio Isao Kikichi, også stengt dørene i kyrkjene i byen for tilreisande tilskoderar og deltakarar med støtteapparat, skriv Religion News Service (RNS).
Oppfordring
«Alle dei som kjem til Tokyo i denne perioden vil få informasjon om tiltaka som som gjeld grunna covid-19 i kyrkjelydane, og vil bli oppfordra til ikkje å vitja kyrkjene», heiter det i ei fråsegn frå erkebiskopen.