SNART I MÅL: Magnus Brekke Aalbu og Marie Løvås øver i forkant av at dei skal halde eksamenskonsert på NLA Høgskolen Staffeldtsgate. Tre år fylte med musikk og inspirerande medstudentar er snart over.
Andrea Øien Sæverud
Eksamens-tida blir festival
Denne veka er det eksamen for musikkstudentane ved NLA høgskolen Staffeldtsgate. Songane dei spelar for sensor kan kome til å dukke opp i ei kyrkje nær deg.
For første gong avviklar høgskulen eksamensveka på ettermiddag og kveldstid. Slik får studentane kjensla av å framføre noko på ein ekte konsert. 20 studentar skal framføre alt frå rock til gospel, jazz, pop, soul og klassisk musikk. Flesteparten har både skrive og arrangert songane sjølv.
Inspirerert
Marie Løvås (22) frå Skodje på Sunnmøre er ei av dei som skal stå på scena og fylle ein halvtime med musikk. salen I kjem det til å sitte sensorar, vennar og medstudentar. Ho er ikkje nemneverdig nervøs, dette har ho gjort før. Løvås kjenner at ho sit igjen med mykje etter tre år på den utøvande musikklinja.