BOKSLEPP: Magnar Børnes signerer den nye boka si under boksleppet nyleg.
Odd Mehus
– Eg snakkar med fuglane, Gud og meg sjølv
Fotografen Magnar Børnes ber oss om å leggje bort Facebook og sjå Guds under rundt oss.
Heilt sidan han var liten har Magnar Børnes vore ein som går rundt og kikkar og undrast. Guten ville sjå kva som var bak neste busk, må vite.
Etter kvart byrja han å ta med seg kamera. Han foreviga det han såg på vandringane i naturen, og no har han komme ut med si første bok der mange av dei beste bileta er samla med følgje av små vers der tankane også får ord.
Utan filter