SLUTTAR: Benjamin Bjørnsen Anda er sokneprest i Vigra og Giske. I pinsa held han si avskilsgudsteneste.
        Tore Hjalmar Sævik
    
    – Det er feil å seie at eg ikkje opplever meg pressa ut
    Benjamin Anda seier det blir ein prosess med kjærleikssorg å forlate folka og tenesta i Den norske kyrkja.
        
 
                        
                        
                        
                        
                        
    
    
    Dagen-lesarane har sett namnet hans mange gonger denne vinteren. Dramatikken toppa seg då det blei kjent at den lokale leiaren i Presteforeninga hadde gitt NRK kopi av eit brev i Anda sin personlege korrespondanse med biskopen i Møre.
Samtalen mellom prest og biskop hadde pågått i lang tid då saka kom ut av kontroll og personalsaka blei mediemat.
– Utåleleg, sa biskop Ingeborg Midttømme til Dagen om lekkasjen.