BREMS: Ei fersk undersøking tyder på at liberal tendens mellom protestantiske pastorar har stoppa opp.
Charlie Riedel
Dei fleste amerikanske pastorar er framleis imot vigsel av likekjønna
Støtta til LHBT-relasjonar har flata ut mellom protestantiske pastorar i USA.
Det er nesten eit tiår sidan Høgsterett i USA avgjorde at likekjønna par har ein grunnlovsfesta rett til å inngå ekteskap. Dermed måtte alle dei 50 delstatane opne for dette.
Strid om seksualitet og samliv har prega mange amerikanske kyrkjesamfunn både før og etter dette. No viser ei fersk undersøking at prosentdelen av pastorar som står for ei liberal forståing, ikkje aukar lenger.
Tre av fire er konservative