BYGDELISTE: For den nyskipa Bygdeliste for Balestrand i Balestrand i Sogn og Fjordane er målet å kjempe mot den aukande sentraliseringa i kommunen, ikkje minst nedlegging av grendeskular.

Bygdelistene blir færre

Talet på lokale lister utanfor dei etablerte partia har minka jamt i kommunevala sidan den siste bygdeliste- boomen på 1990-talet. I år er det rundt 150 bygdelister å røysta på rundt om i kommunane, mot nærmare 180 for fire år sidan.

Det betyr likevel ikkje at bygdelistene er i ferd med å døy ein sakte død, trur statsvitar og lokalpolitikkforskar Mona Strand ved Høgskolen i Hedmark.

– Desse lokale listene poppar opp og kjem og går, og det er ofte heilt konkrete saker som løyser dei ut. Dei fungerer gjerne som ein lufteventil for frustrasjonar av ymse slag og kan vere både eit supplement og ein vekkjar for dei tradisjonelle partia når dei ikkje er flinke nok til å fange opp lokale straumdrag, seier Strand.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Les også: Her prøver de syriske flyktningene å skaffe seg et liv

Nynorsk pressekontor har telt 157 bygdelister til kommunestyrevalet til hausten ved å gå gjennom alle vallistene som Kommunal- og regionaldepartementet har lagt ut på valsidene sine valg.no.

Kommunereforma

Strand hadde ved det kommande kommunevalet likevel venta seg eit større innslag av nye lister knytte til kommunereforma, ettersom kommunesamanslåing nettopp kan vere ei slik sak som fører til at folk bryt ut av dei tradisjonelle partia og engasjerer seg i ei lokal liste i staden.

– Utan å ha meir konkret belegg for det så ser det ikkje ut til at kommunereforma har ført til noka stor oppblomstring av lokale lister, seier Strand.

Heilt fråverande er dei likevel ikkje, og dei fleste bygdelistene har eit klart standpunkt for eller mot ei samanslåing eller korleis kommunen bør behandle spørsmålet. Blant dei som er oppretta først og fremst for å kjempe mot kommunesamanslåing, er Glad i Hurdal i Akershus og Lardal tverrpolitiske liste i Vestfold.

Les også: Bob Geldof får Erik Byes minnepris

Strand ser ikkje vekk frå at behovet for slike protestlister kan ha vorte mindre etter at kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) dempa truslane om tvang og pisk.

– Presset er dempa ein heil del, og det har nok ført til at prosessane i kommunane går føre seg på ein annan måte og blir opplevd annleis. Så det var nok eit lurt trekk i så måte, seier ho.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

God oppslutning lokalt

Bygdelistene høyrer inn under samlekategorien «andre» i stemmeoversyn og meiningsmålingar, og på landsbasis er oppslutninga nokså lita. Ved det førre kommunevalet fekk lokallistene berre 2,1 prosent av stemmene, men i dei kommunane der éi eller fleire bygdelister stilte til val, fekk dei i gjennomsnitt 18,3 prosent av stemmene.

Dermed speler dei mange stader ei stor rolle i lokalpolitikken. Dei siste fire åra har bygdelistene hatt ordføraren i 17 kommunar. I Utsira i Rogaland og Modalen i Hordaland representerer alle kommunestyrerepresentantane lokale lister. I Flå i Hallingdal har Bygdelista for Flå hatt ein sterk posisjon sidan tidleg på 1980-talet, og i Hå på Jæren har Nærbølista – opphavleg starta for å skilje Nærbø frå Hå – vore eit stort «parti» i nesten 50 år. I år får dei kamp frå den nye Samlingslista for søre Hå, som mellom anna vil kjempe mot kommunesamanslåing.

– Bygdelistene har ikkje døydd ut. Dei er der enno trass i det vi kan kalle politiseringa av lokalpolitikken, noko som har vore eit dominerande trekk gjennom heile det førre hundreåret, og som held fram enno, seier Mona Strand.

Når dei nasjonale partia stiller lister i stadig fleire kommunar, får folk meir å velje i. Det kan vere ei viktig årsak til tilbakegangen for bygdelistene, meiner ho.

– Til og med nokså små parti stiller lister i mange kommunar, slik at partifloraen i det heile blir mykje større, også i småkommunane.

Småkommunefenomen

Eit anna trekk er at bygdelistene gradvis har vorte mindre av eit utkant- og småkommunefenomen. Framleis er det flest slike lister i den nordlege landsdelen, men dei dukkar oftare opp på Austlandet enn før, også i større kommunar. Derfor trur ikkje Strand bygdelistene forsvinn om vi i neste omgang får fleire storkommunar.

– Vi ser jo det i Hamar, som er ein av dei største kommunane i Hedmark. Der hadde By- og bygdelista ordføraren i tre periodar, og dei er framleis store. Tidlegare ordførarar Einar Busterud stiller i år igjen som ordførarkandidat, og det blir spennande å sjå korleis det går. Han ligg jo ikkje dårleg an, seier Strand, som sjølv har sete tre periodar som kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Åmot i Hedmark.

By- og bygdelista såg dagens lys etter at kommunane Hamar og Vang vart slått saman tidleg på 1990-talet. Den nye lista tok da raskt posisjonen som den nest største gruppa i kommunestyret føre Høgre og har halde seg der.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

– Kommunesamanslåing kan jo føre til at ein får ein del meir tradisjonelle bygdelister knytte til bestemte geografiske område innanfor ein ny kommune, til dømes. Eg trur nok at dei lokale listene framleis kjem til å vere der, om ikkje med veldig stor oppslutning. Men at dei kjem til å spele ei rolle, det trur eg, seier Strand. NPK

Les også
Ber Europa vise solidaritet med LibanonFlyktninghjelpen
Les også
NLM – for lukket på toppen?
Les også
Historisk mye i kollektNLMs generalforsamling
Les også
En blind flekk i sommerdekningen
Les også
Tro – en privatsak for politikere?