For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ SOMMERKAMPANJE 1 krone, ut august Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

TØRST ÅKER: Kornåkeren til bonde Brede Stensrud i Rælingen kjem truleg til å berre gi ein tredjedel av den vanlege avlinga i år.

Ber om regn og pengar

Den tørre sommaren tek knekken på avlingar og tvingar svoltne kyr til slaktaren. No håpar bøndene på regn - og økonomiske tiltak frå landbruksministeren.

Publisert Sist oppdatert

Jorda er knusktørr på Tveter Gård i Rælingen. På denne tida vaiar vanlegvis høgreiste kornaks i vinden, men no er dei korte og pjuskete. Det er sommaren då regnet aldri kom. Brede Stensrud har vore kornbonde i 30 år, men aldri opplevd ein så drastisk tørke. På dei 450 måla med korn som han eig og leiger, ligg det an til rekordlåg avling.

– Tørken vil vi merke godt økonomisk, men staten har heldigvis ei ordning der dei bidreg slik at vi kjem opp på 70 prosent av inntekta vi kornbønder har hatt dei fem siste åra. Men dei som er heilt nye bønder, som kanskje akkurat har teke over ein gard og brukt mykje pengar på investeringar, det er dei som økonomisk vil merke det mest.

Stensrud reknar med at han vil sitte igjen med rundt ein tredel av avlinga i eit normalår. Trass sin eigen vanskelege situasjon, er han endå meir bekymra for bøndene som har dyr.

Powered by Labrador CMS