Debatt
DEBATTANT: Kjell Arild Pollestad er forfattar, omsetjar og katolsk prest i unåde.
Alice Tegle
Woke – ein religion utan nåde
Korleis kan universitetsfolk lata seg driva til å lausriva kjønnet frå kroppen, til å gje nytt liv til rasesynspunkt som me trudde høyrde til ei tid me hadde lagt bak oss?
Artikkelen ble først publisert i oktober 2023.
«Menn kan vera gravide», «kvinner kan ha penis», «alle kvite er rasistar», «alle svarte er offer» – alt dette vrøvlet er truvedkjenningar frå den nye religionen som kallar seg «woke» og breier seg som ein åndeleg pest i heile den vestlege verda.
Den store syndebukken er den kvite, vestlege, heteroseksuelle mannen; han er per definisjon sexist, virilist, rasist, kolonialist og alt som avskyeleg er.