| Frispark
Vi treng ikkje digitale eingongslegar
DIGITALE LEGER: I staden for å opprette ei digital teneste med legar utan pasientansvar, må ressursar brukast til å styrke den eksisterande fastlegeordninga, skriv Kjersti Toppe.
Adobe Stock
Stortinget har denne veka behandla ei stortingsmelding om fastlegeordninga. Få offentlege tenester kan måle seg med den. Den har høg tillit, og dersom den ikkje fungerer eller har for liten kapasitet, er det mange som kjenner på det. Det er litt som kyrkja – ein treng den kanskje ikkje kvar dag. Men når vi treng fastlegen, så må den vere tilgjengeleg. Både kyrkja og fastlegeordninga representerer tryggleik i kvardagen til folk.
Fastlegeordninga har vore i krise i fleire år, men er heldigvis på rett veg. Fleire vil bli fastlegar. Færre vil slutte. Færre innbyggjarar manglar fastlege. Like fullt er det ei skjør ordning. Fastlegane har stort ansvar frå før, men har fått fleire oppgåver siste åra. Tidleg utskriving frå sjukehus gjer at pasientane dei har ansvar for, er sjukare. Det er fleire eldre, som krev tettare oppfølging. Attestar og dokumentasjon krev meir arbeid.
Skal fastlegeordninga i Noreg fortsett vere grunnmuren i helsetenesta vår, må den satsast på. Suksessen ligg i kontinuiteten som er sjølve basisen i ordninga – at lege og pasient kjenner kvarandre over tid. Då Stortinget fekk på plass ordninga var det i ein situasjon der pasientar kunne ha svært mange forskjellige allmennlegar å forhalde seg til. Ein ville bort frå eingongslegane og over til ei ordning der alle innbyggjarar skulle få rett til ein fast lege å gå til. Det veit vi er bra for pasient, og for legearbeidet.