NÆRVÆR: I staden for å spissformulere seg mot skole og helsestell kunne Haaland (bildet) heller sjå kva mulighet som ligg i å styrke det kristne nærveret i skolen, skriv Rolf Kjøde. Halldis Bjerkvik Voll

Vi treng fleire kristne lærarar

Born og unge treng kristne som ser på undervisning av nye generasjonar som eit gudgitt kall. Derfor trengs både Hauge School of Management og ei god lærarutdanning.

Når Hermund Haaland hevdar at det er altfor mange kristne lærarar og for få sosiale entreprenørar (Dagen 20.oktober), kjem han i skade for å sette opp mot kvarandre det som høyrer saman. Det er riktig å halde fram dei samfunnsforvandlande trekka ved Hans Nielsen Hauge og den rørsla som kom etter han.

LES INNLEGGET: – Det er ikke så farlig å tjene mye penger

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Den åndelege vekkinga og folkelege reisninga gjekk hand i hand og førte til endringar både kulturelt, politisk og i næringslivet. I botnen for dette låg den store endringa i det hundreåret Hauge blei fødd, innføringa av «allmueskolen», starten på dagens grunnskole. Utan den er det vanskeleg å sjå for seg heile Hauges virke. I staden for å spissformulere seg mot skole og helsestell – to område der kyrkja faktisk var samfunnets entreprenør – kunne Haaland heller sjå kva mulighet som ligg i å styrke det kristne nærveret i skolen. Vi har altfor få kristne lærarar.

Dersom Skaperkraft skal lykkast med å «engasjere til aktiv samfunnsbygging» ved å «stimulere til refleksjon» (frå basisparagrafen), er vi avhengig av å vere der danninga skjer. Skolen er denne plassen for «alle». Dersom det er viktig å gjere dette ut frå «klassisk kristen tenkning» (Skaperkrafts basisparagraf), må mange vere representert med sin kristne personlegdom på den viktigaste arenaen i samfunnet ved sidan av heimen.

LES OGSÅ: Den som intet vinner

Kvifor er det då så viktig å snakke ned læraryrket? Eg ser gjerne mange nye Hans Nielsen Hauge og Per Sævik, unge kristne som engasjerer seg i breidden av entreprenørskap for samfunn, næringsliv og misjon. Det krev opplæring og danning. Born og unge treng kristne som ser på undervisning av nye generasjonar som eit gudgitt kall. Derfor trengs både Hauge School of Management og ei god lærarutdanning. Dei må koplast, ikkje skiljast.

Les også
Kristne ledere bør kommunisere i sosiale medier
Les også
– Det er ikke så farlig å tjene mye penger
Les også
Kor lenge kan vi driva bibeltru høgskular?MFs utvikling
Les også
Den som intet vinner