For å lese denne saken må du være abonnent

Et abonnement gir tilgang til alt innhold vi publiserer

☀️ SOMMERKAMPANJE 1 krone, ut august Du kan betale med vipps

Deretter kr 299,- pr måned. Automatisk månedlig fornyelse til ordinær pris. Ingen bindingstid, du sier selv opp når du ønsker

Er du allerede abonnent?

Fortsett 👉

Leder

PINLEG: Det manglar ei grunnleggande forståing av kva vennskap er, når Noreg påstår at vi framleis er Israels ven etter å ha gjort det slutt på ein pressekonferanse tidlegare denne veka.

Vi blir ikkje Israels ven av å seia at vi er det

Eit pinleg trekk ved onsdagens pressekonferanse i samband med Noregs anerkjenning av Palestina som eigen stat, var mangelen på forståing av omgrepet vennskap.

Publisert Sist oppdatert

Diplomati kan verka som noko for verkeleg vidarekomne. Feltet har ei respektinngytande aura, der berre dei korrekte og ulastelege når opp. Folk som turnerer franske frasar utan å konsultera lommeparlør.

Diplomatiets grunnøving er å nøytralisera det pinlege. No lar Jonas Gahr Støre og Espen Barth Eide venstresida sitt interne press koma til uttrykk som offisiell norsk utanrikspolitikk. Då gjer dei diplomatisk samanbrot til eit permanent faktum. Det er pinleg.

Påstandar om at anerkjenninga er eit stikk til Hamas, at dette vi «styrke refleksjonen» og at dette er «det stikk motsatte» av å premiera terror er formuleringsakrobatikk i ei tid som treng leiarar som forheld seg til realitetane. Det er også pinleg.

Powered by Labrador CMS