| Debatt
Verkekraftige ord i politikken
POLITIKK OG VERDIAR: Det er ikkje berre stemmegjeving og fleirtal som gjev makt, med også det talte ordet. Det bør folk som står for klare verdistandpunkt på Stortinget vera klar over og gjera seg nytte av, skriv Johannes Kleppa.
Cornelius Poppe / NTB
Årets val gav eit nokså uvanleg resultat med tanke på samansetjing av parti på Stortinget, og konstellasjonar som må til for å skapa fleirtal i ulike saker. Det kan danna grunnlag for litt andre arbeidsmåtar og markeringsmåtar enn elles. Det talte ordets makt kan koma sterkare til sin rett enn slik det normalt er.
Då gjeld det å ha tru på ordets makt og ordets verkekraft, også i det politiske og samfunnsmessige. Det gjeld å ha frimot til å tala tydeleg om det som er sant og rett, anten det gjev direkte politiske resultat der og då, eller ikkje.
Når vi her snakkar om ordets makt, er det altså på skaparplanet og ordet med liten o. På frelsesplanet snakkar vi om Ordet, som er Kristus, som har skaparmakt til frelse, altså er eit nådemiddel. Sjølv om det er stor forskjell på ordet og Ordet, skal vi ikkje undervurdera det talte ordet i politisk og samfunnsmessig samanheng.