Debatt
VERDIGRUNNLAG: Takk til Olaug Bollestad (foto) og KrF som kjempar for at dei kreftene som har bygt opp ulike verdfulle hjelpetilbod framleis kan få gje hjelp til ulike grupper, skriv Brynjulv Hernes.
Herman Frantzen
Verdigrunnlaget i grunnlova og praktisk politikk
Det er onsdag. Munnleg spørjetime i Stortinget. Olaug Bollestad (KrF) stiller spørsmål til statsministeren. Dei ideelle institusjonane, Modum Bad mellom anna, må tola budsjettnedskjeringar, og med det misser ein del brukarar eit verdfullt hjelpetilbod.
Sjeldan har eg sett Bollestad så engasjert. Så takk til henne og KrF som kjempar for at dei kreftene som har bygt opp ulike verdfulle hjelpetilbod framleis kan få gje hjelp til ulike grupper. Dette er nestekjærleik i praksis, men Ap vil gjerne kalla det solidaritet. Det er i alle fall hjelp til menneske som treng det.
Me er i mai månad. Me har 1. mai der solidaritet gjerne står i sentrum og me har 17. mai der nasjonal fridom og demokrati er viktige ord. Me har og ei grunnlov som i §2 seier at «verdigrunnlaget skal framleis vera vår kristne og humanistiske arv».