| Debatt
Ver med å bygg opp att grunnmuren med kristne verdiar
VALET 2025: Du som vil vere med å byggja opp att grunnmuren med kristne verdiar, stem KrF på valdagen! skriv Are Bakke.
Stian Lysberg Solum / NTB
Så heldige vi er! Kven då? spør du, jau vi som no er pensjonistar og kan sjå tilbake på livet er heldige på så mange måtar. Spesielt vi som er fødde etter at den 2. verdskrigen tok slutt, vi har levd eit langt liv utan krig i Europa. I dag kjenner i på krigsangst, spesielt dei unge som veks opp no stiller spørsmål om framtida.
Vi eldre kan sjå tilbake på ein trygg og god barndom saman med foreldre og gjerne mange søsken. Dei økonomiske rammene kunne vere tronge i etterkrigstida, men likevel så fann foreldra våre det rett å få mange barn. Folketalet auka sakte men sikkert, og det gav håp for framtida i landet vårt.
I dag går folketalet ned, og det er ei alvorleg sak for land og folk. Vi har ikkje nok folk til å gå inn i alle dei arbeidsoppgåvene som trengst for å oppretthalde velferdssamfunnet vårt. Innan dei store sektorane som skule og helse er det krise allereie. Også innan industriselskapa og reiarlaga ropast det no etter meir arbeidskraft.