Debatt
UFORSTÅELIG BESLUTNING: Då den amerikanske utanriksministeren sist veke drog på besøk til i Nigeria, hadde han med seg ei ekstra gåvepakke. Anthony Blinken fjerna nemleg like før avreisa landet frå «verstinglista», lista over land som står for eller tolererer grove brot på religionsfridommen. Det er ikkje til å forstå, sier Johannes Morken, redaktør i Stefanusalliansen.
Evan Vucci / AP / NTB
Vender ryggen til Nigerias tragedie
Medan valden og terroren aukar i Nigeria, fortel Biden-administrasjonen i USA at det går betre i landet. Det er ikkje til å forstå.
Då den amerikanske utanriksministeren sist veke drog på besøk til i Nigeria, hadde han med seg ei ekstra gåvepakke. Anthony Blinken fjerna nemleg like før avreisa landet frå «verstinglista», lista over land som står for eller tolererer grove brot på religionsfridommen.
Dette skjer medan terror og vald øydelegg det mest folkerike landet i Afrika. Nigeria vart teken inn på «verstinglista«, Countries of Particular Concern», i 2020. Det skjedde etter sterkt påtrykk frå Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF).
USCIRF har over år dokumentert korleis både religiøst motivert og annan vald har eskalert i Nigeria. At utanriksminister Anthony Blinken etter berre eitt år har fjerna Nigeria igjen frå CPC-lista, vert kritisert av USCIRF. Kommisjonen seier rett ut at den er «forskrekka» over ei «uforståeleg» avgjerd. UCIRF ber utanriksdepartementet om å revurdera avgjerda.