Debatt
PEDER LOFNES HAUGE: Leiar i Noregs Mållag.
Noregs Mållag
Vel nynorsk for barnet ditt!
Er du ein av dei mange tusen føresette som veit at dette er siste året i barnehage, og neste haust er det skulestart? Kanskje kjem invitasjonen til innskriving av nye elevar i barneskulen om ei tid. Då er det også tid for å velje nynorsk eller bokmål til barnet ditt.
Det er truleg om lag 8.000 barn fordelt på 114 kommunar som neste haust byrjar som nynorskelevar i 1. klasse i barneskulen. Kan ein av desse nynorskelevane vere ungen din?
Vi oppmodar foreldre om å velje nynorsk for barnet sitt. Nynorsk som opplæringsspråk er den tryggaste måten å gje barnet kunnskap til å skrive både nynorsk og bokmål som vaksen. Nynorsk har ein solid posisjon i Noreg. I dag er det over ein halv million innbyggjarar som reknar nynorsk som sitt språk. Noreg har nettopp fått ei ny språklov og ho framhevar kor viktig det er å ta vare på nynorsken.